Hopp til innhold

Forskarar: Snø blir sjeldnare, men kan bli meir intenst

Snøvêret som ramma Sør-Noreg denne veka er ikkje kvardagskost. Men det er ein risiko for at me vil oppleva store snømengder også i åra som kjem.

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dette kan verka komplisert.

For sjølv om klimaet vårt blir varmare, kan det bli meir intenst når det først byrjar å snø.

Klimaforskar ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen forklarer det slik:

– Me ser at snøsesongen blir kortare og at snømengda totalt sett blir mindre.

Men:

– Det andre er at me ser at etter kvart som klimaet blir varmare, så har nedbøren ein tendens til å klumpa seg saman og bli til intense byer.

Hans Olav Kvaal Hygen

Klimaforskar ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen.

Foto: Magne Velle

Hygen fortel at det er ein risiko for at det vil snø mykje, når det først snør dei neste ti–tjue åra.

– Når ei intens bye kjem i ein kald periode, slik som det har gjort dei siste dagane og eigentleg i heile starten av 2024, så vil desse kraftige byene bli kraftig snøvêr.

Tog fra Vy står i snø i Oslo

Togtrafikken på Austlandet vart ramma av snøvêret. Fleire togruter var innstilte onsdag.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Onsdag var det problem både for bilistar og reisande med kollektivtrafikk på Austlandet.

Oslo lufthamn stengde i to timar, og brøytemannskapar fekk verkeleg mykje å gjera.

Torsdag var det Vestlandet som fekk ei stor mengd snø. Også her skaper snøfallet problem.

No skal det blir mildare og store mengder snø skal smelta. Det er sendt ut gult farevarsel for is for delar av Agder og Austlandet.

Les også Venter mye vann – ber innbyggerne om hjelp

Soneleder i Ingeniørvesenet i Kristiansand kommune Øystein Smith, ber folk i Kristiansand hjelpe til med å grave fram sluker.

Kald luft frå Arktis

Seniorforskar ved CICERO, Borgar Aamaas seier at dei forventar meir nedbør i form av regn og mildare vintrar i Noreg.

Men så kan det henda, slik som har skjedd i vinter, at det er kraftige nedbørsepisodar som kjem som snø. Rett og slett blir det meir snø enkelte vintrar.

Seniorforsker Borger Aamaas ved senter for klimaforskning, Cicero.

Seniorforskar ved CICERO, Borgar Aamaas.

Foto: Cicero

Han forklarer at me den siste tida har fått mykje kald luft frå Arktis.

Polarfronten skil den kalde arktiske lufta med den mildare lufta i sør. Den kan bli meir svingete og stoppa opp på grunn av klimaendringane, fortel Aamaas.

Det er grunnen til det som har skjedd i januar no. Me har fått pøst på med kald luft, polarluft frå Arktis, som har gjort det veldig kaldt.

Det har gjort at me har fått veldig gode snøforhold langt sør i landet og heilt ut til havet. Det kan hende at me får fleire sånne episodar med global oppvarming.

Aamaas seier at atmosfæren kan ha meir fukt når det er varmare. Viss det er minusgrader, kjem nedbøren som snø.

– Potensialet for å få ut mest mogleg nedbør er større, forklarer han.

XDPX8jfspgk

Mange måtte venta lenge i kollektivtrafikken på Austlandet onsdag.

Foto: NTB

Vil forska meir på kraftige snøbyer

Framover vil me nok tilpassa oss vintrar med mindre og mindre snø, og få sjokk når det kjem kraftige byer, seier Hans Olav Hygen.

Han forklarer at det er forska masse på nedbør, totalmengd snø og kor lange snøsesongane framover vil bli.

Men Hygen meiner at ein må finna ut meir om kor kraftige snøbyer me kan forventa i åra framover.

– Det blir veldig aktualisert med den hendinga me ser no. Så me bør nok ta ein jobb der og byrja sjå om me kan gi nokre gode antydningar til kva me står overfor framover.

Les også Eit titals bøtelagt for dårleg sikt: – Det er veldig alvorleg

Bil med snø på taket