Hopp til innhold

Ventar store mengder snø på Vestlandet – oppgraderer farevarselet

For første gang i historia er det sendt ut eit oransje farevarsel for snø i Hordaland.

TETT snøvêr: Fører til vanskelege køyreforhold i bergensområdet.

Dei store snømengdene har siste dagane ført til store utfordringar på Aust- og Sørlandet. Når nye snømengder kjem mot norskekysten, er det Vestlandet som får det.

Torsdag oppgraderte Meteorologisk institutt eit allereie gult farevarsel, til oransje for delar av Vestland.

I hovudsak gjeld varselet ytre og sørlege delar av Hordaland frå klokka 14.00 torsdag og fram til fredag klokka 16.00.

– Det blir berre verre og verre. Dette er første gang at vi har oransje farevarsel for snø i vårt område. Det er litt uvanleg med så mykje snø i Bergen, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis.

Oransje farevarsel for snø for delar av Vestland.

Det er venta svært mykje snø for delar av Vestland fylke. Varselet om snø er difor oppgradert til oransje i delar av Hordaland.

Foto: Meteorologisk institutt

– Det har gått tett med snøbyer sidan tysdag i desse områda. Difor vel vi å gå opp til oransje nivå. Prognosane våre syner at det kan kome 20–40 cm snø i ytre og sørlegare delar av gamle Hordaland, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Det er venta snøfokk i kveld og første del av morgondagen.

– Det blir ekstra krevjande å ferdast i trafikken i morgon, seier Fagerlid.

Snømengdene kan råke sårbar infrastruktur, reisande og straumforsyninga, ifølge farevarselet.

Bil havnet på fortauet
Foto: Lotte Solheim Johannessen / NRK
Torsdag snødde det kraftig i Bergen og over store delar av Vestlandet.

Snøskredvarslinga sender no ut oransje farevarsel for snøskred i Hardanger. Årsaka er dei store snømengdene som har kome i området kombinert med at det er venta auke i vinden fredag.

– Sterk vind kjem til å flytte på snøen og blåse den inn i ledsidene i høgfjellet, slik at vi får ein auke i snøskredfaren, seier snøskredvarslar Jostein Aasen.

Området det vert varsla for er frå Folgefonn og litt inn over på austsida av Sørfjorden og nedover til Røldal.

– Vi snakkar om høgfjellet, over tregrensa der vinden får litt tak. Med den vinden vi får no er det dei austvende fjellsidene som er mest utsette.

Jostein Aasen

Aasen oppmodar folk om å unngå skredterreng.

Foto: privat

Kommunar i beredskap

Bergen, Øygarden og Alver kommunar har send ut pressemelding om at dei er i beredskap og følgjer situasjonen tett.

– Tenester som er nødvendig for å vareta liv og helse blir prioritert, mens andre oppdrag kan bli forkorta eller avlyst, seier Berit Breistein, etatsdirektør for heimebaserte tenester i Bergen kommune.

Snøvêret skaper også utfordringar i forbindelse med utkøyring av hjelpemiddel til innbyggarar.

– Heilt nødvendig utstyr blir prioritert. Vidare har føreforholda fått konsekvensar for nokon av kommunens aktivitetssenter.

– Vi prioriterer liv og helse, og gjer det vi kan for halde barnehagar, skular og andre tenester opne, seier ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad.

Ordføraren oppmodar dei som kan om å la bilen stå, bruke offentleg transport og rekne ekstra tid til jobb og andre nødvendige avtalar.

Øygarden kommune følgjer nøye med på korleis vêret utviklar seg.

– Vi er særleg oppteken av at alle får nødvendig heimeteneste. Det er også fint om pårørande er ekstra merksam på situasjonen for dei som treng denne tenesta. Eg oppmodar folk om å nytta heimekontor dersom dei har høve til det, seier ordførar Tom Georg Indrevik i Øygarden.

å dette satellittbildet vises bakgrunnen for det oransje farevarselet; kraftige snøbyger i Nordsjøen på vei innover Vestlandet 🌨️ Til høyre ser vi klarværet som er over Østlandet

Satellittbildet syner bakgrunnen for det oransje farevarselet, nemleg kraftige snøbyer i Nordsjøen som er på veg innover Vestlandet.

Foto: METEROLOGISK INSTITUTT

La bilen stå

Statens vegvesen ber folk om å la bilen stå. Men for dei som absolutt må køyre, er rådet følgande:

– Berekn god tid, køyr etter behov og ver ekstra oppmerksam. Ved stopp kan det fort verte kaldt. Det kan vere lurt å ta med ekstra klede i bilen, men hugs å ikkje ha tjukke klede under sikkerheitsbeltet, seier Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Sjølv om snøen skaper ein del bry, er det fleire som er glade for mengdene som kjem.

I Bergen har Pål Dimmen funne fram skia og går gjennom gatene i Bergen.

Han og hunden Cibelius jublar over all snøen som har kome.

Bil havnet på fortauet

HAMNA PÅ FORTAUET: Ein bil fekk problem i Bergen sentrum i morgontimane.

Foto: Lotte Solheim Johannessen / NRK

Helikopter og togtrafikk står

Helikoptera som skulle gått til Nordsjøen er råka av vêret. Alle avgangar frå Flesland er kansellert. Helikoptertrafikken i Florø er òg prega av kanselleringar. På Sola står trafikken inntil vidare.

Passasjerane blir bedne om å møte til oppsette reisetider, melder heliport.no.

Stavanger lufthamn Sola er også råka.

Rullebanen på Stavanger lufthavn brøytes for snø torsdag

Det snør godt på Stavanger lufthamn torsdag føremiddag. Det er venta at den varsla snøen vil påverke flytrafikken til både Stavanger og Bergen.

Foto: Maja Mathisen / NRK

Rullebana blir stengt i periodar på 25–30 minutt av gangen i formiddag for å brøyte vekk snøen.

– Førebels skapar ikkje dette store konsekvensar for flyavgangane, seier Morten Wathne i Avinor til NRK.

Ifølge Wathne har det ikkje kome unormalt mykje snø, men snøen som ligg må likevel brøytast vekk.

Dette gjeld også Flesland lufthamn i Bergen. Det kraftige snøvêret kan føre til forseinkingar, melder Avinor Bergen lufthavn på heimesidene sine.

– Slik vil det vera utover dagen, at rullebanene blir stengde i periodar på ein halvtimes tid. Men trafikken går, og alle må møta opp som vanleg, seier pressevakt Cathrine Framholt i Avinor til NRK.

Ho har ikkje fått meldingar om spesielle forhold på dei andre flyplassane som Avinor driv på Vestlandet.

Les også Meteoro­logane med nytt fare­varsel

Busser står fast på Kråkenes på Bønes

Ute på vegane har sjåførane fått merke Kong Vinter også.

På Kvamskogen har to bilar kollidert, men ingen skal vere skadde. På Krokeide i Bergen har ein bil køyrd seg fast. Det skal vere glatt på staden, ifølge Vegtrafikksentralen.

Bybanen i snøen

Vegtrafikksentralen forventar ein del kø på vegane i dag.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

I Rogaland ber selskapet Go-Ahead folk utsette å reisa med Jærbanen og Sørlandsbanen. Årsaka er varselet om kraftig snøvêr og snøfokk utpå dagen.

Frå morgonen opplyser Go-Ahead også at dei har trøbbel med eitt togsett og at fleire avgangar er avlyste torsdag morgon og føremiddag.

Kan verte forseinkingar på Austlandet

Trafikken på Austlandet er også råka av vêret.

Sjåførane her må vere førebudde på at føret kan skifte fort.

Det er framleis mykje snø som skal ryddast etter dei siste dagane, noko som kan føre til forseinkingar inn mot dei store byane på Austlandet, opplyser Vegtrafikksentralen til NTB.

Fjerning av snø i Oslo

I Oslo blir det jobba med å rydde opp etter dei store snømengdene dei siste dagane.

Foto: Hallgeir Braastad / nrk

Gardermobanen var stengt mellom Lillestrøm og Oslo lufthamn på grunn av vanskelege vêrforhold, opplyser Bane Nor. Klokka 07.00 var trafikken i gang att.

Togtrafikken på Asker-Lillestrøm, som er ein av dei mest trafikkerte linjene gjennom Oslo, er også råka, men med mindre problem enn i går.

Holmenkollbanen i Oslo blir stengt ut dagen på grunn av store snømengder.

Det blir jobba med alternativ transport, men også bussane slit med dei store snømengdene.

Vegtrafikksentralen: La bilen stå

Natt til torsdag var roleg utan hendingar, ifølge Vegtrafikksentralen Vest.

Men trafikkoperatør Jan Audun Marøy seier at det kan vere lurt å la bilen stå i dag dersom ein har moglegheit til det.

– Det hadde eg sjølv gjort i alle fall, seier Marøy.

brøyting i førde

Brøytemannskap jobbar på spreng med å halde snøen vekke. Her frå Førde.

Foto: steinar lote / nrk

Han oppmodar folk om å følge med på vegmeldingane.

– Ver førebudd på at ting kan ta mykje lenger tid enn du trur, seier han.

Vegtrafikksentralen melder klokka 11.30 at ein del bussar og vogntog har utfordringar på glatta.

– Enn så lenge har det ikkje vore dei store hendingane, men etter kvart som det kjem meir snø, vil det nok verte større utfordringar, seier trafikkoperatør Christian Strømmen.

På fleire av busslinjene i bergensområdet køyrer bussane med kjetting. Det er ganske uvanleg å gjere, opplyser pressekontakt Karoline Rage til NRK.

Kollektivselskapet Skyss førebur seg på ein utfordrande dag. Pressekontakt Øyvind Strømmen ber folk om å nytte heimekontor.

Flesland torsdag morgon.

Det snør tett på Flesland. Rullebanene kan verte stengde utover dagen, varslar flyplassen.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Hei!

Har du tips eller innspel til denne saka? Send meg gjerne ein e-post!