Hopp til innhold

Håper dette pappbrettet skal revolusjonere blomsterbransjen

Plast er bytta ut med papp. No håpar blomsterbransjen å skape ein betydeleg endring når det gjeld utslepp av CO₂.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dei fungerer like godt som eit plastbrett. Det ser veldig lovande ut.

Det seier driftsleiar Hilde Poppe ved Andersens gartneri i Råde.

Kvart år sender gartneriet ut fleire tusen plantar. Dei fleste står på plastbrett. Men denne sesongen har gartneriet testa ut pappbrett.

– Dei verkar veldig bra. Dei er stabile og held på vatnet, noko som har vore ei utfordring på testar før.

Blomsterbransjen er storforbrukar av plast. Berre i Europa blir det brukt meir enn 450 millionar plastbrett kvart år.

Hilde Poppe står bak eit brett med lilla blomar.

Driftsleiar Hilde Poppe er nøgd med pappbretta.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Stort behov

Det er Mester Grønn og Stora Enso som har utvikla pappbretta. Blomsterkjeda seier det er stort behov for noko som er nedbrytbart og som kan bli brukt på nytt.

– I dag samlar me inn bretta. Så sørger me for at dei er fri for skadegjerarar og sender dei ut igjen. Me kan bruke dei opp til fire gonger. Gjer me det er det ein kjempegevinst for heile bransjen, seier administrerande direktør i Mester Grønn, Erling Ølstad.

Ifølge han reduserer desse bretta CO₂-utslepp med 70 prosent i forhold til dagens plastbrett.

To blomsterbrett står stilt opp. Eit i plast og eit i papp.

Det svarte brettet er i plast, medan det lyse er i papp.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Det skal også vere det første blomsterbrettet som berre inneheld papp.

– Det vil seie at me har skapt eit brett som eg trur har den største reduksjonseffekten for CO₂ i blomsterbransjen nokon gong.

Vil ha regjeringa på bana

Generalsekretær i WWF, Verdens naturfond, Karoline Andaur seier at plast er vår tids raskaste veksande miljøproblem. Då er det viktig at også næringslivet viser vilje til omstilling.

– Det er derfor flott å sjå at stadig fleire næringslivsaktørar ønskjer å ta ansvar og innfører tiltak for å redusere bruken av unødvendig plast.

Generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdens naturfond

Generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdens naturfond meiner det er flott at næringslivet tek ansvar, men vil ha regjeringa på bana for innføring av avgift på plastemballasje.

Foto: Haakon Nordvik

Men næringslivet må ha hjelp, meiner Andaur. Då må regjeringa på bana. Ho ønskjer at det skal bli innført ei avgift på plastemballasje sidan det står for 40 prosent av avfallet i Noreg.

Deretter må me utvide dagens produsentansvarsordningar til å gjelde alle plastprodukt og forby unødvendige produkt som ofte hamnar i naturen.

Vurderer ikkje forbod

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Kjersti Bjørnstad (Sp) seier at plastforureining er høgt prioritert av denne regjeringa, men at dei ikkje vurderer eit forbod.

– Forbod er eit svært inngripande verkemiddel. Me vurderer ikkje forbod mot fleire produkttypar enn dei som allereie er omfatta av dagens forbod mot eingongsplast.

Ho fortel også at Miljødirektoratet held på med ein gjennomgang av produsentansvarsordningane me har, med sikte på å styrke og effektivisere ordningane.

Direktoratet vurderer også ei ordning der produsentar må betale for opprydding og forsøpling av fleire andre eingongsprodukt av plast.

Håper å erstatte mange

Poppe i Råde har tidlegare prøvd andre variantar av pappbrett, utan hell.

– Plantane treng vatn, og det er det som er utfordringa med papp for det løyser seg opp. Desse verkar å halde på vatn ganske lenge, og lenge nok til at dei fungerer.

Produksjonen av pappbretta er no i gang, og har alt blitt tatt godt imot i Sverige. Likevel trur ikkje Ølstad i Mester Grønn at det er potensial for at alle dei 450 millionane bretta som blir brukt kvart år skal bli erstatta av bretta hans.

– Håpet er at dei skal erstatte ein betydeleg del av dei bretta som er i bruk i dag.

Ølstad seier også at han allereie har sett kopiar av bretta på marknaden.

– Eg tenker me er først, så kjem dei andre etter. Saman klarer me å skape ein betydeleg endring for bransjen når det gjeld utslepp av CO₂.

Les også Her går flyktninger på jordbærskole i Indre Østfold

De nye jordbærplukkerne prøver seg i praksis.

Les også Bønder frastjålet verdier for over 1 million kroner

Overvåkningsbilde: Tyver går inn i en traktor og stjeler en GPS.