Hopp til innhold

Kvalpen Suki fekk i seg cannabis: – Ho berre datt om

Stadig fleire hundar får i seg cannabis på luftetur, fortel veterinær. Lone Kolbu fekk ei skremmande oppleving då kvalpen Suki vart sjuk.

Suki og Lone.

BEKYMRA: Lone reagerte raskt då ho skjønte at noko var gale med hunden Suki.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

– Vi såg at ho berre datt om. Då skjønte vi at her er det berre å dra til dyrlegen, seier Lone Kolbu.

Onsdag var ho på tur med kvalpen sin Suki i Moss sentrum. Dei gjekk den same turen dei plar gå og hunden oppførte seg som vanleg.

Hunden Suki følger nøye med.

Suki fekk i seg cannabis på tur.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Men ein halvtime etter at dei hadde kome heim forstod Kolbu at noko var alvorleg gale.

– Beina hennar ville ikkje henge med. Ho berre datt til sida når ho prøvde å gå.

Framme hos dyrlegen var kvalpen dehydrert og måtte få intravenøst. Blodprøvene av lever, nyre og mage såg fine ut.

Men Suki var framleis dårleg.

– Ho hadde ikkje kontroll på blæra. Etter nokre timar fekk dei teke urinprøver som viste at ho hadde fått i seg cannabis, fortel Kolbu.

– Vi sat i fleire timar og var redde for om det kom til å gå bra med henne.

Eigaren er heilt overtydd om at hunden har fått i seg cannabis på lufteturen.

Moss Avis har også skrive om saka.

Les også Oppsiktsvekkende bilder av skabbrev: – Fikk så inderlig vondt av den

Rev med manglende pels på halve kroppen i snøen

Kan vere dødeleg

– I verste fall kan dei få eit anfall og døy akkurat som menneske, seier Malin Kompen.

Ho er akuttveterinær ved dyresjukehuset for smådyr på NMBU.

Kompen fortel at det kan ta alt frå ein halvtime til to timar før hundane byrjar å vise symptom på å ha fått i seg cannabis.

– Vi ser ofte at dei blir ustødige og slappe.

Typiske symptom kan vere store pupillar og låg hjarte- og pusterytme.

Symptoma kan også tyde på andre sjukdommar, men veterinæren fortel at dei ofte mistenkjer inntak av rusmiddel viss hunden har forandra seg drastisk på kort tid.

– Ofte kan det vere ein kjempefrisk hund som har sprunge rundt, men som plutseleg blir kjempesliten og går med «sjøbein».

Suki og Lone.

Lone er takksam for at det har gått bra med kvalpen hennar.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Nokre hundar kan også byrje å hyle og reagere på sterkt lys.

– Dei kan reagere ganske likt som menneske, men dei er mykje meir sensitive.

Derfor kan cannabis gjennom menneske si avføring vere nok til at hunden blir sjuk.

– Det kan ha vorte utskilt i avføringa til menneske. Eller det kan vere brownies med cannabis eller røyk, som hundane har fått i seg, seier veterinæren.

Symptoma til kvalpen stemmer overeins med inntak av cannabis. Veterinæren har også sagt til Kolbu at dei fann spor av cannabis i Suki sin urin.

Les også Ollvar ble kastet ut av et bilvindu og etterlatt for å dø

Katten Ollvar ble kastet ut av et bilvindu og etterlatt for å klare seg selv.

Veterinær: – Det er vanleg

Kolbu fortel at dei fekk god hjelp hos ulike dyrlegar i Moss som samarbeidde om prøvetakinga av Suki.

NRK har vore i kontakt med dyresjukehuset Anicura i Moss som fortel at det hender at det kjem hundar som har fått i seg cannabis.

Akuttveterinær Kompen fortel at det er ganske vanleg at hundar får i seg cannabis.

– Det har nok vorte ein auke av det. Vi ser det nok meir i tettbygde strøk, seier ho.

Blir frisk

Kvalpen Suki vart verande hos dyrlegen gjennom natta. Dagen etter henta Kolbu ein sliten kvalp, som var i ferd med å friskne til.

Heile dagen vart brukt til å sove og kose. Ho var framleis ganske borte.

Akuttveterinæren oppmodar hundeeigarar til å gjere det same som Kolbu: Ved mistanke om inntak av rusmiddel, oppsøk dyrlege med ein gong!

Hos veterinær får hundane ofte behandling med væske for å få ut giftstoffa.

Ofte ser vi ei betring etter 6 til 12 timar, men med nokon tek det eit par dagar. Det varierer på symptoma.

Tre dagar etter at Suki fekk i seg cannabis er ho framleis sliten. Ho har lite energi til å vere kvalp, fortel eigar Kolbu.

Hunden Suki.

Suki følgjer nøye med i håp om å få hundegodteri frå matmor Lone.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Ho er sjokkert over det som har skjedd.

–Er det mogleg? Folk burde ikkje berre kaste frå seg ting som barn eller hundar kan få i seg.

Men trass i nokre krevjande døgn kjem Suki til å bli heilt frisk igjen.

Les også Fem store hunder angrep kvinne utenfor dyreklinikk

Tre politimenn står foran en bil som er sladdet. Bagasjerommet er ikke sladdet. Der befinner det seg minst en hund.