Hopp til innhold

Gründer: – Kva skulle eg gjort utan dei?

Då Kristin Dahle skulle opne turistkafé i Flå, var det ingen der som trengde arbeid. Så kom ho på flyktningane som budde på hotellet.

Kristin Dahle holder rundt sine ukrainske medarbeidere Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova på kjøkkenet i Kafeen på Turufjell. De smiler alle sammen.

Dei fann kvarandre. Kristin Dahle, Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Me er ein slags utvida familie. Me er veldig glade i kvarandre. Eg er i alle fall veldig glad i dei, strålar Kristin Dahle.

Latteren rungar i den nye kaféen.

Med ertande blikk ser Roksolana Vasylyshyn (33) og Olha Horova (26) bort på den energiske kvinna, som plutseleg ein dag oppsøkte dei på hotellet i Flå sentrum.

I 2022 fungerte det som akuttmottak for 200 ukrainske flyktningar. Kristin Dahle var på jakt etter nokon som kunne jobbe, og det litt brennkvikt.

Kristin Dahle sitter ved et kafebord sammen med sine ansatte Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova fra Ukraina.

God stemning rundt bordet i lunsjpausa.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Den tidlegare direktøren for Innovasjon Noreg i New York hadde hoppa på eit tilbod om å overta varmestua på Turufjell, eitt av dei nye hytteområda i Flå i Hallingdal.

Ho gjekk straks i gang med å innreie ein moderne kafé for ski- og hyttefolk.

Det var berre eitt problem.

Inga arbeidskraft

Flå har 1100 innbyggjarar og er ein kommune i vekst. Arbeidsløyse eksisterer ikkje. Ein må til andre delar av landet eller utanlands for å hente arbeidskraft.

Men så kom Kristin til å tenkje på dei ukrainske flyktningane som heldt til på hotellet.

Oversiktskilde av Flå sentrum med Thon hotellet i front.

Thon hotell Bjørneparken var akuttmottak for ukrainske flyktningar i 2022.

Foto: NRK/Caroline Bækkelund Hauge

Ho fekk tips om kjærastane Roksolana og Olha, som frå første dag hadde bretta opp erma og bidratt på kjøkkenet.

Desse to skulle komma til å bli avgjerande for den vesle bedrifta.

– Ho er spenna galen, var det første eg tenkte.

Olha Horova og Roksolana Vasylyshyn jobber på kjøkkenet til kafeen i Turufjell

Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova flykta frå krigen i Ukraina.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Olha ler høgt. Ho tenkjer tilbake på den dagen dei møtte Kristin for første gong og vart tilsett på flekken. To veker seinare var dei i full gang i kaféen.

– Første arbeidsdagen fall alt på plass, fortel Kristin. Eg kunne ikkje fått betre kollegaer. Sjølvstendige, kreative og målretta.

Inngangsdøra til kafeen på Turufjell. Det står: Velkommen inn!
Kafeen på Turufjell ligger midt i hyttebyen.

Kaféen på Turufjell ligger midt i hyttebyen.

En ferdigstekt pizza i en stekeovn

En rykende varm pizza er på vei til gjestene som venter.

En tallerken med salat.

Fargerike salater blir til i en håndvending.

Olha Horova klapper en hund over kafedisken. Roksolana Vasylyshyn står bak.

Olha Horova ønsker alle velkommen til kafeen på Turufjell.

Nærbilde av blå og gul sokk med antirussisk motiv.

Sokkene er en stille protest av Russernes invasjon.

Kristin Dahle veit kva ho snakkar om. I 12 år budde ho i Stockholm og var toppsjef for tre renommerte restaurantar.

No hadde ho fått tak i to unge kvinner frå Kyiv med mastergrad i filosofi og bachelor i sosiale medium. Skulle ho utvide verksemda?

Starta reingjeringsbyrå

– Skal me gjera meir enn å berre drive kafé? spurde Kristin etter nokre månader.

– Og dei svarte, jaaaaa!

Kristin Dahle slår gledestrålande ut med armane:

– Her er alt mogeleg!

Kristin Dahle, Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova står og diskuterer med vaskebøtter og mopper i hendene

Det er stort behov for reingjeringstenester i Turufjell, der det er planlagt 2000 hytter.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Eit reingjeringsbyrå vart dermed neste steg for det vesle firmaet. Nesten kvar dag står ein nybygd fritidsbustad klar i Turufjell. Til saman er det planlagt 2000 hytter.

– Eg elskar at det er reint, seier Olha.

Med hendene fulle av vaskebøtter og moppar er trioen på veg til rundvask. I ei nybygd hytte må byggestøvet fjernast før hyttefolket kan flytte inn.

Olha Horova vasker komfyren, Roksolana Vasylyshyn bærer en støvsuger og Kristin Dahle er i farten på kjøkkenet i en nybygd hytte.

Med hjelp av ukrainarane har Kristin også starta reingjeringsbyrå.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Vinn-vinn

Dette er rett og slett ein vinn-vinn situasjon, seier Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO.

Nina Melsom direktør arbeidsliv NHO

Nina Melsom, direktør arbeidsliv NHO.

Foto: Moment Studio

Mange av NHOs medlemsbedrifter har eit stort behov for arbeidskraft. Det gjeld i nesten alle bransjar og særleg i distrikta.

Vi ser at ukrainske flyktningar som kjem seg i jobb er ein stor ressurs for lokalsamfunna og for bedriftene.

Hytter i Turufjell. Tidlig vår

Hyttefeltet på Turufjell veks raskt.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

For gründeren Kristin vart dei unge kvinnene frå Ukraina sjølve redninga for den nystarta bedrifta på fjellet.

– For meg er dei heilt uunnverlege

Kristin Dahle gründer

– Eg får nesten angst av å tenkje på det no. Kva skulle eg gjort utan dei? Dei er flyktningane som ikkje ville vera flyktningar, og har bidratt frå dag éin.

Gir tilbake til Noreg

Grusvegen svingar seg oppover lia og innover fjellet. Ein fredeleg norsk fjellheim står i djup kontrast til dei bomba bygningane i Kyiv.

Med entusiasme og pågangsmot har dei to flyktningane på kort tid vorte norske skattebetalarar. Ved å skapa sine eigne arbeidsplassar, gir dei noko tilbake til landet som tok imot dei.

Roksolana Vasylyshyn,Olha Horova og Kristin Dahle står utenfor en nybygd hytte og smiler.

Roksolana Vasylyshyn og Olha Horova er tilsette i firmaet til Kristin Dahle.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Ei fast inntekt kjem godt med.

– Ein del av pengane brukar me på oss sjølve, noko sparar me og resten brukar me på å kjøpe mat og utstyr til folk i Ukraina.

Halvparten av dei 200 flyktningane som kom til akuttmottaket i Flå, har reist tilbake til Ukraina. For Olha og Roksolana er det vanskelegare, for bandet til Flå blir berre sterkare og sterkare.

Roksolana lener seg over moppen og fortel:

– Me var i Oslo ein tur, men lengta heim og ringte Kristin: Kan du vera så snill å køyre oss tilbake til Flå?

– Kanskje blir vi eit år til, eller kanskje heile livet. Me elskar denne staden, seier Olha.