Hopp til innhold

Synne måtte ut med 6600 kroner for å kremere faren – i nabokommunen er det gratis

Om du må betale for kremasjonsavgift eller ikkje kjem an på kva kommune du bur i. Viss faren til Synne Bernhardt hadde budd i nabobyen Drammen ville kommunen tatt rekninga.

Synne Bernhard

At det skal vere så stor skilnad i pris om ein vel kremasjon eller kiste, synest Synne Bernhardt er urettferdig.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Da Synne Bernhardt trudde alt endeleg var betalt etter gravferda til faren dukka ei rekning ho ikkje hadde rekna med opp.

– Eg blei veldig overraska og sende med ein gong e-post til gravferdsbyrået for å høyre om eg hadde misforstått.

Var sikker på at kommunen tok rekninga

Ho hadde ikkje misforstått og rekninga var på 6600 kroner og kom frå Nedre Eiker kommune der faren Christopher Saunders var busett.

Gravferdsprogram

Christopher Saunders var opphavleg engelsk og budde i Krokstadelva. Familien ynskte kremasjon fordi dei vurderer å ta med urna til England, noko som ville blitt dyrt om dei hadde vald kistegravferd.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Familien hadde bestemt seg for kremasjon og var sikker på at kommunen ikkje tok betalt for det, som dei gjer i Oslo kommune der ho bur.

– Nesten 7000 kroner er jo eit stort innhogg i økonomien, som kjem i tillegg til alle dei andre utgiftene ved eit dødsfall. Ein må heller ikkje gløyme alle dei personlege omkostningane ved å miste nokon som står deg nær, seier Synne.

– Djupt urettferdig for dei pårørande

Ho sit på eit møterom hos Verd begravelse i Oslo, saman med dagleg leiar Henrik Tveter. Dei har møtt mange pårørande som Bernhard som blir overraska over at avgifta er forskjellig etter kvar den avdøde bur.

– Me ser at dette er djupt urettferdig for dei pårørande, når det er slik at det er adressa di som skal avgjere om du skal betale kremasjonsavgifta eller ikkje, seier Tveter.

Verd begravelse

Verd begravelse vil ta diskusjonen om kremasjonsavgifta vidare til departementet etter å ha møtt mange pårørande i same situasjon som Bernhard.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

På Austlandet blir ikkje avgifta betalt i kommunar som Moss, Vestby, Øvre Eiker, Nedre Eiker, Hole, Vestby og Ås. I Bærum og Nye Asker er den delvis finansiert, medan i kommunar som Oslo, Drammen, Lier og Ringerike er det gratis.

Mange kommunar som Nedre Eiker har ikkje eigne krematorium og må kjøpe tenesta frå kommunar som har. Kommunane står fritt til å ta denne kostnaden sjølv, eller å sende rekninga til dei pårørande.

Stadig fleire vel kremering og andelen nærmar seg nå 50 prosent. I 2016 blei 41 prosent av alle døde i Noreg kremerte og talet er høgast i byane.

Vil at kommunar skal bestemme sjølv

Det nystarta gravferdsbyrået Verd tek nå til ordet for å endre lovverket og har bedt om eit møte med Barne- og familieminister, Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

– Me skal alle døy og det bør vere likt om ein vel kistegravferd eller kremasjon. Dette er forskjellsbehandling på eit område me synest er heilt unødvendig, seier Tveter som understrekar at dei som byrå ikkje har noko økonomisk å hente på dette.

I utgreiinga «Lik og likskap» frå 2014 tilrådde utvalet leia av Erling Lae å fjerne økonomiske skilnader og dermed skape likskap i valet mellom gravferd og kremasjon.

Det har ikkje skjedd noko sidan og Barne- og familiedepartementet svarar i e-post til NRK at dei meiner at dette bør vere opp til kommunane sjølve å bestemme.

– Nokre kommunar vel å sette avgifta lågare enn kostnaden ved kremasjon, blant anna ein rekke store kommunar med høg kremasjonsandel. Det er ein fridom kommunane bør ha, på same måte som ved fastsetjing av ei lang rekkje andre kommunale avgifter, seier statssekretær Jorunn Hallaråker (KrF).

– Han skulle venta med å døy

Ordførar i Nedre Eiker, Bent Inge Bye (Ap) fortel at dei har vald å sende kostnaden til dei pårørande på grunn av stram kommuneøkonomi.

– Me måtte skjære ned her og der, og kommunestyret bestemte at dette blei overført til dei etterlate. Eg skjønar at det har vore urettferdig, det burde jo koste det same om ein vel kiste eller kremasjon, seier Bye.

Bent Inge Bye

Bent Inge Bye er ordførar i Nedre Eiker i nokre månader til, før kommunen går inn i Nye Drammen saman med Drammen og Svelvik.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Men om faren til Synne Bernhard hadde døydd etter årsskiftet ville han ha budd i Nye Drammen kommune, sidan Nedre Eiker slår seg saman med Drammen (og Svelvik) der kommunen betaler kremasjonen.

Ifølgje Bye ligg alt an til at det da blir gratis i heile storkommunen.

Synne ler litt av det heile.

– Da døydde han jo litt for tidleg. Han skulle venta litt med å døy, men det er me jo alle einige om, smiler ho.