I Mjøndalen fylgjer dei nøye med på vasstanden sjølv om den ikkje er venta å auke mykje gjennom helga.
Gangvegen under E134 er fyllt med vatn frå Drammenselva.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKLaurdag var vasstanden 2 meter og 30 centimeter over normalen. I Nedre Eiker er det full kriseberedskap om vatnet stig med 30 centimeter.
På sine nettsider melder NVE at flaumfaren i Buskerud og Oppland blir nedgradert til oransje. Vatnet stig framleis i Drammenselva og fleire stader i landet. Vêret framover kjem til å vere avgjerande for korleis flaumen utviklar seg og om E134 gjennom Nedre Eiker må stenge.
Når flaumtoppen i løpet av helga
NVE ventar at drammensvassdraget når flaumtoppen i løpet av helga.
– Den øvre delen av drammensvassdraget når nok toppen i løpet av helga. I nedre del ved Drammen og Nedre Eiker kjem flaumtoppen truleg i neste veke, seier Peter Borsányi i NVE.
Klare for store vassmengder
Tyngda av vatnet trykker gjerdet ned og hindrer at vatnet treng inn.
Foto: Chetan Rastogi / NRKPå fredag gjorde Nedre Eiker fleire forberedingar for flaumen. Dei tok i bruk eit nytt sikringssystem utvikla av to ingeniørstudentar på NTNU.
– Me er dei første som brukar dette systemet, seier ordførar i Nedre Eiker, Bent Inge Bye.
Gjerdet skal halde vatnet tilbake og gjer at vatnet må auke endå 90 centimeter for å komme over. Vegen går langs Drammenselva bak Buskerud storsenter og skal vere sikra av det 400 meter lange gjerdet.
– Me bruker det same systemet lenger nede i Mjøndalen og me sikrar der me ser det kan bli kritisk, seier ordføraren.
Vatnet gjekk tilbake på Nesbyen
På Nesbyen kom vatnet opp over vegen og inn på parkeringsplassen i går.
Foto: Anette Skafjeld / NRKPå Nesbyen stod vatnet opp på parkeringsplassen ved COOP Extra og Shell i går. Vatnet skada fleire hytter på campingplassen i går. No har vasstanden gått ein halv meter ned og mellom anna parkeringsplassen er no fri for vatn. Riksveg 7 opna igjen laurdag ettermiddag.
Vatnet er på veg tilbake på Nesbyen.