Hopp til innhold

Granskar dødsulykke: – Bussjåførar bør verta betre verna

Havarikommisjonen kritiserer tryggleiken for bussjåførar. Nå kjem nytt krav om ein kollisjonsbjelke i bybussar.

Totalskadd buss etter ulykke i Fredrikstad i romjulen 2022. Bussene blir undersøkt av statens havarikommisjon.

UNDERSØKINGAR: Statens havarikommisjon undersøker bussane som frontkolliderte i Fredrikstad i romjula.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Undersøkingane våre har vist at kollisjonstryggleiken for buss er lågare enn for andre køyretøygrupper, seier Ingvild Ytrehus i Statens havarikommisjon.

Vi meiner at bussjåførar som arbeidstakarar bør verta betre verna, seier ho.

I eit stort lokale på Kjeller står delar av dei to bussane som frontkolliderte i Fredrikstad i romjula. Ein sjåfør i 50-åra omkom i ulykka.

Dette er første gong Havarikommisjonen hentar inn to bussar som har kollidert for å granska dei nøyare.

– Det er for å finna ut kva som skjedde, kvifor det skjedde og kva vi kan gjera for å hindra at det skjer igjen, seier Ytrehus.

Totalskadd buss etter ulykke i Fredrikstad i romjulen 2022. Bussene blir undersøkt av statens havarikommisjon.

Frontdelane av dei to bussane er frakta til Havarikommisjonens lokale.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

Årsaka til dødsulykka i Fredrikstad er framleis ikkje fastslått.

Den andre sjåføren fekk alvorlege skadar. Mannen er rutinemessig sikta for aktlaust drap, men han har ennå ikkje vore i stand til å verta avhøyrd av politiet.

– Han har det veldig vanskeleg nå. Han har vore og er framleis alvorleg skadd, seier advokaten til mannen Johannes Bakkevig.

Krasja i 40 km/t

240 bussar var involverte i møteulykker på norske vegar mellom 2011 og 2020, viser tal frå Statens vegvesen. Åtte bussjåførar omkom i desse ulykkene.

– Ulykkene som har vore i det siste har skjedd i låg fart. Så det trengst ikkje så mykje fare før det kan gå gale, seier Per Petterson.

Han er hovudtillitsvald i Unibuss Oslo. Petterson meiner det er på høg tid at tryggleiken for bussjåførar vert prioritert.

Dødsulykka i Fredrikstad, som nå vert undersøkt grundig, skjedde i 40 km/t.

Les også: Bussbransjen krever handling etter nok en dødsulykke

To busser med massive skader etter en frontkollisjon. En arbeider står foran den ene bussen.
To busser med massive skader etter en frontkollisjon. En arbeider står foran den ene bussen.

Metallbjelke

I personbilar og lastebilar er det krav om kollisjonsvern i fronten av køyretøyet. For bussar har det ikkje vore slike krav.

Men nå skal også bybussane utstyrast med ekstra kollisjonsvern. Ein U-forma bjelke skal monterast på midten heilt framme i bussane.

– Det er ei forsterking, ein metallbjelke som bidreg til auka kollisjonstryggleik, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

– Men det er berre første steg på vegen.

Samderdselsminister Jon-Ivar Nygård og Ingvild Ytrehus, avdelingsdirektør for vegtrafikk og landforsvar i statens Havarikommisjon-

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fekk sjå dei øydelagde bussane frå heimbyen hans Fredrikstad.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

Forskrifta trer i kraft seinast 1. januar neste år, men samferdselsministeren seier han jobbar for at ho kan komma noko før.

– Vi utforskar høvet til å setta forskrifta i kraft endå tidlegare og er i dialog med dei som bygger og leverer bussar, seier Nygård.

Busselskapet Ruter har allereie bestilt 183 nye bussar med den nye kollisjonsbjelken. Dei vert leverte i april.

Les også: Frykter for sikkerheten til bussjåfører: – Vi har mistet for mange

To busser kjører over Fredrikstadbrua.
To busser kjører over Fredrikstadbrua.

Meiner det ikkje er godt nok

– Vi har køyrt altfor mange år utan dette, seier Petterson i Unibuss.

Han meiner den nye forskrifta er eit steg i riktig retning, men etterlyser ein kollisjonsbjelke som går heilt rundt førarplassen.

– Eg saknar sidebjelkar som er forsterka heile vegen. Då vil vi sitta meir beskytta viss vi får eit smell frå sida.

Hovedtillitsvalgt for YTF hos Unibuss i Oslo.

Hovudtillitsvald Per Petterson i Unibuss Oslo trur ikkje den nye forskrifta er god nok.

Foto: LARS HÅKON PEDERSEN / NRK

Også Yrkestrafikkforbundet og Fagforbundet i Viken har i årevis ropt varsku om tryggleiken til sjåførane.

– Vi risikerer at fleire bussjåførar døyr på jobb, sa forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes til NRK i desember.

Ruter jobbar saman med Kollektivtrafikkforeningen for at bussleverandørane skal tilby ein totalbeskytta førarplass, skriv busselskapet i ein e-post til NRK.

Også dei meiner at fronten på bybussane burde vernast om endå meir.

Les også: Rune opplevde lastebilsjåførenes mareritt: - Mange tanker gikk gjennom hodet da

Kollasj sammensatt av to bilder. Til venstre står en mann med armene i kors. Han har på seg arbeidsbukse med refleks. Til høyre er et bilde av en lastebil som har synlige skader etter en trafikkulykke.
Kollasj sammensatt av to bilder. Til venstre står en mann med armene i kors. Han har på seg arbeidsbukse med refleks. Til høyre er et bilde av en lastebil som har synlige skader etter en trafikkulykke.

Les også: Sjølvmord i trafikken blir ikkje kartlagt: – Forferdeleg at det blir utsett

Lastebil som har vært utsatt for en frontkollisjon. Grillen på bilen har fått seg en real smell.
Lastebil som har vært utsatt for en frontkollisjon. Grillen på bilen har fått seg en real smell.