Hopp til innhold

Sjølvmord i trafikken blir ikkje kartlagt: – Forferdeleg at det blir utsett

I Sverige har dei hatt system for å kartleggje sjølvmord på vegane sidan 2012. I 2016 vart det same anbefalt i Noreg. Sidan då er nesten ingenting gjort.

Lastebil som har vært utsatt for en frontkollisjon. Grillen på bilen har fått seg en real smell.

UTSETT: Slik såg fronten på lastebilen til Rune Pettersen ut etter han kolliderte med ein person som tok sitt eige liv i 2020.

Foto: Rune Pettersen / Privat

– Realiteten er at det ikkje har skjedd nokon ting. Ingenting.

Jan Arne Laberget er lastebilsjåfør og tillitsvald leiar i logistikkavdelinga i Yrkestrafikkforbundet.

Ingen veit kor mange som tek livet sitt på norske vegar.

Sidan 2016 er det einaste som har vorte gjort å bestemme at det skal setjast ned eit utval som skal utvikle eit felles klassifiseringssystem.

Laberget reagerer kraftig på at ikkje meir er gjort for å få på plass eit system for å kartleggje og undersøkje sjølvmord i trafikken.

– Det er forferdeleg å tenkje på at det berre blir utsett og utsett.

7 prosent av lastebilsjåførane som svarte på ei undersøking frå Yrkestrafikkforbundet oppgav at dei har vore involverte i det dei mistenkjer er ei sjølvmordsulykke.

Yrkessjåfør Jan Arne Laberget bak rattet i lastebil.

Jan Arne Laberget i Yrkestrafikkforbundet etterlyser handling frå regjeringa.

Foto: Per Christian Lind / Yrkestrafikkforbundet

Inga oversikt

– Det er mykje som tyder på at det er underrapportering og mørketal på dette området, seier statssekretær i samferdselsdepartementet Tom Kalsås (Ap).

Tom Kalsås, Ap, Rogaland, stortingskandidat, Halvnært

Statssekretær Tom Kalsås.

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Ulykker der politiet konkluderer med sjølvmord som årsak er tekne ut av den offentleg tilgjengelege statistikken.

Derfor er det ingen som veit kor mange som tek livet sitt på norske vegar.

182 dødsfall i trafikken mellom 2005 og 2014 kan ha vore sjølvmordsulykker. Det viser ei kartlegging NRK gjennomførte i 2015.

Tidlegare i desember fortalde NRK historia til lastebilsjåfør Rune Pettersen som for to år sidan frontkolliderte med ein bilist som tok sitt eige liv:

Les også Rune opplevde lastebilsjåførenes mareritt: - Mange tanker gikk gjennom hodet da

Kollasj sammensatt av to bilder. Til venstre står en mann med armene i kors. Han har på seg arbeidsbukse med refleks. Til høyre er et bilde av en lastebil som har synlige skader etter en trafikkulykke.

Ti år bak Sverige

I 2020 innførte Solberg-regjeringa ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

Samtidig vart det lansert ei rekkje tiltak for å nå målet. Eitt av tiltaka handlar om å få på plass eit system for å kartleggje omfanget av sjølvmord på vegane:

«Regjeringa vil etablere meir formaliserte og standardiserte kriterium for klassifisering av sjølvmord i trafikken».

Eit liknande system har vore på plass i Sverige sidan 2012. Der har dei også ein eigen kommisjon som undersøkjer slike ulykker.

Vart tilrådd det same i 2016

«Standardiserte kriterium bør vere eit minimum for handtering av sjølvmord i trafikken og må implementerast av både politiet, helsesektoren og Statens vegvesen».

Slik konkluderte eit utval som vart bede om å undersøkje handteringa av sjølvmord i trafikken i Noreg.

Det skriv Rita Aarvold i Statens vegvesen i ein e-post til NRK. Utvalet ho var ein del av tilrådde allereie i 2016 å få på plass eit betre system.

Dei meinte kriteria som blir brukte i Sverige burde leggjast til grunn for utviklinga av dei norske kriteria.

– Tilrådingane baserer seg på fagleg krav til kva som minimum må til for å få meir påliteleg sjølvmordsstatistikk, opplyser Aarvold.

Seniorrådgiver Statens vegvesen, Rita Aarvold.

Rita Aarvold i Statens vegvesen

Foto: Marthe Stoksvik / NRK

Skal setje ned utval

Sidan nullvisjonen vart lansert hausten 2020 har lite vorte gjort for å få på plass desse kriteria.

I 2021 vurderte Samferdsledepartementet om eit «tverrfagleg samansett utval» burde setjast ned.

I år har departementet bestemt at eit slikt utval bør bli ein realitet.

– Konkret no så jobbar ein med å bli samde om samansetninga av den gruppa, seier Kalsås.

Statssekretæren kan ikkje svare på når dette utvalet vil vere i drift.

– Ville fått langt betre hjelp

Jan Arne Laberget i Yrkestrafikkforbundet har snakka med pårørande til elleve lastebilsjåførar som har vore involverte i sjølvmordsulykker.

Fire av sjåførane slutta seinare i jobben som ein direkte konsekvens av ulykka dei var utsette for.

Laberget er overtydd om at eit klassifiseringssystem ville gjort kvardagen enklare for lastebilsjåførar som har vore utsette for denne typen ulykker.

– Det ville betydd at medlemmene våre kunne fått ei langt betre støtte og hjelp.

Les også Krever strengere kontroll: Vogntog kjører med sommerdekk på norske vinterveier

Kontroll på tollstasjonen på Svinesund.

Les også 2015: No skal sjølvmord på vegane undersøkjast

Undersøker selvmord

Hei!

Tenkte du på noe da du leste denne saken, eller har du tips til noe annet vi burde se nærmere på? Send meg gjerne en e-post!