Hopp til innhold

Slik manipulerte føraren køyre- og kviletidskontrollen: – Sjeldan syn

Ved hjelp av ein magnet festa til girkassa, prøvde føraren å manipulere køyre- og kviletidskontrollen. – Eit svært sjeldan syn, seier kontrolleiar i Buskerud Trond Høivangli hjå Statens vegvesen.

Eit utanlandsk vogntog vart i går stoppa i kontroll hjå Statens vegvesen i Gol.

Eit utanlandsk vogntog vart i går stoppa i kontroll hjå Statens vegvesen i Gol for brot på køyre- og kviletidskontroll.

Foto: Statens vegvesen

Det var i samband med køyre- og kviletidskontroll på Gol trafikkstasjon måndag at mannskaper frå utekontrollen til Statens vegvesen oppdaga noko rart.

Eit utanlandskregistrert vogntog stoppa i 80-sona på Riksveg 7 i fleire minutt før føraren køyrde vidare til kontroll. Dette fekk kontrollørane til å fatte mistanke.

Ved nærare inspeksjon av fartsskrivaren til trekkvogna, oppdaga mannskapa at føraren hadde fjerna ein magnet som manipulerer fartsskriversystemet.

Les også Bilister er oftest skyld i dødsulykker med vogntog

Til venstre i bildet står en mann med ryggen til , han har på seg sort caps, en sort hette henger over ryggen på en gulgrønn jakke hvor det står statens vegvesen og kontroll. Han ser mot en rad av lastebiler som kjører på en våt veg hvor det er satt opp betonggriser og hindringer slik at de skal kjøre sakte.

– Verste måten

Praksisen er i utgangspunktet vanskeleg å bevise, men Høivangli trur ikkje det er store mørketal.

– Skal me avdekke slike forhold, må me avdekke dei når dei køyrer med magnet. Det kan vere nokon driv med dette framleis, men med mindre me tek dei langs vegen, kan det vere vanskeleg å oppdage.

– Kor farleg kan det vere at nokon manipulerer systemet slik?

– Det som er problemet er at han gjer seg ukontrollerbar, me veit ikkje kor lenge sjåføren frå i går hadde køyrt. Han kan ha køyrt i timevis eller dagevis. Skal me tenke trafikktryggleik, kunne denne sjåføren ha vore ein fare både for seg sjølv og andre. Det er faren med å manipulere systemet. Dette er kanskje den verste måten å jukse med køyre- og kviletidskontroll.

Føraren nytta ein magnet på kitaskrivaren for å manipulere fartsskriversystemet.

Føraren nytta ein slik magnet på kitaskrivaren på girkassa for å manipulere fartsskriversystemet.

Foto: Statens vegvesen

Det finst høve til å manipulere systemet også på nyare køyretøy, men då skal ein ha ganske avanserte system på plass, forklarar kontrolleiaren.

– Då skal det meir ekspertise til. Det blir tatt nyare køyretøy der systemet er manipulert. Me tek generelt ikkje så mange sjåførar for brot på køyre- og kviletid, det går lengre og lengre mellom dei alvorlege tilfella. Det har blitt mykje betre no enn det var tidlegare.

Les også Seks av ti er redde for å møte vogntog på vinterveier

Lastebilsjåfør Martin Kristensen (22) fra Sortland.

Sjåføren frå gårdagens kontroll blir pålagt ein veke kvile. Køyretøyet må også inn til eit godkjent verkstad før han kan køyre vidare.

– Saka er også oversendt til politiet, så får me vente på og sjå kva dei kjem fram til med tanke på reaksjon ovanfor føraren.

Gamaldags metode

– Sjåføren gjorde dette på ein måte som er litt gamaldags, men det er ein metode som gjer det fullt mogleg å manipulere systemet på, seier Høivangli.

Køyretøyet var ein 2011-modell av typen Scania. Desse har ein digital fartsskrivar som er enkel og manipulere.

– Dette var vanleg før, men ikkje like mykje no. Mange gjorde det på første generasjon digitale fartsskrivarar som kom rundt 2007. På vogntoget me stoppa i går, er det mogleg å gjere det, men på nyare type biler ser me at det er mykje vanskelegare.

Det går altså lang tid mellom kvar gang kontrollørane hjå Statens vegvesen treff på slike tilfelle. Føraren som vart stoppa måndag valte å samarbeide med kontrollørane etter at han vart konfrontert.

– Han innrømma dei faktiske forhold og viste oss korleis han utførte manipulasjonsprosessen, seier Høivangli.

Flere nyheter fra NRK Buskerud