Hopp til innhold

Oslo lova 1000 bustader neste år – er langt unna målet

I ein tom villa i Oslo vil dei leige ut billig til folk som ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden. Trass i politiske løfter, gjer kommunen det veldig vanskeleg.

Ormsundveien 12 med tagging "Bor du her?" og frederica Miller og Anne Rita Holvik Andal.

Ein engasjert gjeng vil pusse opp sveitservillaen i Ormsundveien.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Ein engasjert gjeng vil pusse opp sveitservillaen i Ormsundveien.

Foto: Åshild Slåen / NRK

I ein tidlegare versjon av denne saka var overskrifta «Oslo lova 1000 bustader neste år – ingen av dei vert klare». Den har vi no endra til «Oslo lova 1000 bustader neste år - er langt unna målet» fordi byrådet seier dei har lagt til rette, slik at utbyggarar som OBOS no tilbyr leilegheiter innanfor tredje bustadsektor.

På Nedre Bekkelaget står Ormsundveien 12, ein sveitservilla som er eigd av Oslo kommune. Fram til 2008 vart huset brukt til kommunale bustader.

Etter det har villaen stått tom.

– Det er heilt tragisk, seier arkitekt Frederica Miller.

Frederica Miller

Arkitekt Frederica Miller synest det er trist at sveitservillaen ikkje vert brukt.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Ho er styreleiar i stiftinga Ormsundveien Økogrend.

Dei har utvikla ei skisse for korleis dei kan utnytte tomter i villastrøket for å lage opp til 40 bustader i tråd med kommunen sine mål om tredje bustadsektor.

Tredje bustadsektor skal tilby bustader som ligg mellom dei kommersielle og kommunale tilboda. Poenget er å sikre ein meir trygg og føreseieleg bustadmarknad for fleire folk.

Økogrenda vil få til det ved at engasjerte bebuarar sjølv gjer ein innsats for huset mot langsiktige avtalar med låg leige.

Dette er allereie gjort i Ormsundveien 14.

Ormsundveien 14
I 2007 vart dette huset ein del av eit byøkologisk pilotprosjekt. No er det pussa opp.
Ormsundveien 12
Bebuarane har utsikt rett til det tomme og forfalne nabohuset.

Oslo kommune vedtok i 2020 at dei skulle prøve å frigje den tomme villaen til økogrenda. Det har ikkje skjedd enno.

– Det er jo ei veldig politisk vilje for at ein skal finne andre løysingar, med tanke på tredje bustadsektor, men i praksis må eg seie at det nesten har stoppa opp, seier Miller.

Det er ikkje lett å kome seg inn på bustadmarknaden 13 kvadratmeter leilighet i Oslo solgt for 2,5 millioner kroner

Kombinert stue og oppholdsrom i en leilighet på tretten kvadratmeter sett fra hemsen.

Sakte byråkrati

– Det har vist seg at det er ein del juridiske komplikasjonar, seier Hanna Marcussen (MDG), byråd for byutvikling.

Hanna E. Marcussen

MDG-politikar Hanna Marcussen er også byråd for byutvikling i Oslo.

Foto: Nadir Alam / NRK

For kommunen er det vanskeleg å leige ut tomta, sidan dei då er juridisk ansvarlege for bustandarden. Dei har eit anslag på at det vil koste mellom 36 og 43 millionar kroner å setje i stand huset.

Økogrenda meiner dei kan gjere oppussinga for 2 til 3 millionar kroner, dersom kommunen fiksar kjellaren og taket. Dei meiner også at kommunen sine kostnader ikkje heng på greip.

Prisen inkluderer til dømes gartnar, sjølv om dei fint klarar seg utan det i det andre huset.

Dersom tomta skal seljast, seier byrådsavdelinga at det må skje til marknadspris, på grunn av EØS-regelverk mot statsstøtte.

– Det har vi ikkje råd til. Dette er ikkje eit prosjekt stiftinga skal tene pengar på, konstaterer Frederica Miller.

Tredje bustadsektor – eige framfor leige?

Det går med andre ord sakte, og ikkje berre for økogrenda.

I byrådserklæringa frå 2019 sto det at kommunen skulle legge til rette for rimelege eige- eller leigebustader innan tredje bustadsektor, med minst 1000 nye bustader tilgjengeleg innan utgangen av 2023.

NRK forklarer

Kva er tredje bustadsektor?

Kva er tredje bustadsektor?

Innan bustadmarknaden i Noreg er det to sektorar. Den første er ein privat og kommersiell sektor der du kjøper eller leiger bustad til marknadspris.

Kva er tredje bustadsektor?

I tillegg eksisterer den offentlege sektoren, som til dømes kommunale bustader, der kommunen eig og leiger ut bustad til vanskelegstilte.

Kva er tredje bustadsektor?

Ein tredje bustadsektor skal vere eit tilbod som ligg mellom den kommersielle marknaden og dei kommunale tilboda. Det kan omfatte både eige- og leigebustader. Det skal sikre folk tilgang til rimelege bustader, og sørgje for ein miks av forskjellige folk i eit buområde.

Kva er tredje bustadsektor?

Det er fleire måter å gjere dette i praksis. Ein kan satse på ikkje-kommersielle bustadorganisasjonar, der det ikkje går an å ta aksjeutbytte, og prisene ikkje er marknadsstyrte.

Kva er tredje bustadsektor?

I Sverige og Danmark har dei mange prisregulerte bustader til utleige. København har spesifikt regulert det slik at kommunen kan kreve 25 prosent ikkje-kommersielle bustader i nye byutviklingsprosjekt.

Innan eigesektoren er kommunen langt frå å vere i mål. Innan leigesektoren er det endå lenger igjen.

Berre eitt prosjekt er i nærleiken av å nå 2023-fristen.

I Hagegata 30 på Tøyen har kommunen fått sett i gang med eit forprosjekt, som gjer at byggestart vert neste år, med innflytting i 2024.

– I dei prosjekta vi arbeider med, er det primært det å finne vegar inn på eigemarknaden som har vore ei prioritering, seier byråd Marcussen.

Når det gjeld leige, meiner ho det er viktig for kommunen å få ideelle bustadstiftingar på beina. Kommunen skal ikkje nødvendigvis stille med eigne utleigeprosjekt innan tredje bustadsektor.

Eit av prosjekta som kan komme i mål til 2023 er på Tøyen Solfrid tvangsflyttet etter 39 år

Solfrid

Følgjer ikkje opp

Sofia Rana frå Raudt slår fast at kommunen ikkje er i nærleiken av å nå målet om 1000 nye bustader.

– Byråden følgjer ikkje opp eigne ambisjonar.

Sofia Rana, Rødt.

Sofia Rana er spesielt bekymra for kva som vil skje med beredskapen i Oslo dersom folk som lærarar og sjukepleiarar ikkje har råd til å bu der, og flyttar andre stader.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Dei fleste prosjekta kommunen har på gang, meiner ho heller støtter opp om den kommersielle sektoren, i staden for å bygge opp ein tredje bustadsektor.

Ho er skeptisk til at problema vil løyse seg med prosjekt som skal hjelpe kjøparar inn på marknaden.

– Ein fjerdedel av folka som bur i byen er leigebuarar, og praksisen til byrådet viser at dei ser på dette som eit problem, og har lyst til å få alle inn som eigarar.

Ho meiner dei heller bør prøve å sikre gode vilkår for leigebuarar ved å blant anna utvide kommunal leigesektor, og støtte ikkje-kommersielle prosjekt som Ormsundveien Økogrend.

Klar for aksjon

Anne Rita Andal, som bur i huset som allereie er sett i stand, skulle ønske kommunen prioriterte å gjere leigemarknaden betre.

Anne Rita Andal ved drivhuset med den tomme villaen i bakgrunnen.

Noko må gjerast med leigemarknaden, meiner Anne Rita Andal.

Foto: Åshild Slåen / NRK

– Det kan ikkje vere sånn at viss du ikkje kjem inn på bustadmarknaden, så er du dømt til å bu i dårlege private utleigebustader, seier Andal.

Ho og Frederica Miller vil at andre skal kunne bu rimeleg og sikkert, i bygg som kan brukast sjølv om dei er verneverdige. Dei har spekulert i mange forskjellige måtar å få byrja med oppussing.

– Eit av alternativa vi har sett opp er okkupasjon. Det er heilt nedst på lista dersom ingenting anna fungerer, men vi lurer etter kvart på om det er einaste alternativ, innrømmer Miller.

Inspirasjonen til økogrenda er Svartlamon i Trondheim Den alternative bydelen

Svartlamon