Hopp til innhold

Vil endre russetida radikalt: – Høyrest litt ut som ein barnebursdag, svarer russen

Ombodet for barn og unge i Viken vil få ein slutt på utanforskapen i russetida. Ho foreslår inngripande endringar i feiringa.

Russ Hønefoss

Jentene frå Ringerike vidaregåande skule planlegg russetida som brakar laus til våren. Frå venstre: Jenny Amina Kristiansen (17), Cathrine Fornæss (18), og Mina Minaie (18).

Foto: Eirik Leivestad Hall / NRK

– Det har jo definitivt blitt ein ukultur i russetida, med tanke på utestenging og å ikkje inkludere folk. Særleg i samband med bussar.

Det fortel Mina Minaie (18).

Ho sit saman med venninnene sine Cathrine Fornæss (18) og Jenny Amina Kristiansen (17) i skulegarden på Ringerike vidaregåande skule i Hønefoss. Dei planlegg russetida dei skal ta fatt på til våren, som skal gjerast unna i ein russebil med nokre andre jenter frå klassen.

Dei fortel at dei har gjort det dei kan for å vere mest mogleg inkluderande, men at det ikkje er så lett grunna plassmangel.

– Vi har jo ein van vi skal vere i, difor kan vi ikkje ta med tjue folk heller. Russetida gjer ikkje akkurat at færre kjenner på utanforskap på vidaregåande, meiner Jenny.

Meiner marknadsaktørane definerer russetida

Vi ser dessverre at det er for mange ungdommar som fell ut av det sosiale allereie frå ungdomsskulen grunna planlegging og gjennomføring av russetida. Det er også mange som blir utsett for press, krenkingar og vald, så her er det mykje å ta tak i, fortel Henrikke Bugdø-Aarseth.

Henrikke Bugdø Aarseth, ombud for barn og unge i Viken.

Henrikke Bugdø-Aarseth, ombod for barn og unge i Viken, langar ut mot dei store aktørane i russemarknaden.

Foto: Viken fylkeskommune

Ho er ombod for barn og unge i Viken, og har vore tett på russen dei siste fem åra i samband med pilotprosjektet «Ei meir inkluderande russetid».

Bugdø-Aarseth meiner at russetida slik ho er no har gått ut på dato for lenge sidan og at ho har hamna heilt ut av kontroll.

Ungdommane definerer ikkje kva russetida skal vere lenger sjølv, det er det dei sterke marknadsaktørane som gjer. Mellom anna ved å seie når feiringa skal vere og kor mykje pengar dei skal bruke. Det er eit stort maskineri som legg press på ungdommane våre, hevdar Bugdø-Aarseth.

Les også Ballinciaga: – Ta vare på hverandre i russetiden

Ballinciaga

Vil endre russefeiringa

Tysdag skal ho debattere temaet på Arendalsuka med andre fagekspertar, politikarar og ungdom. Ho vil endre russetida radikalt, mellom anna ved å fase ut russebussane og bilane.

– Aktørane i russemarknaden utnyttar ungdommane våre. Dei må betale store summar for klede og bussar som ikkje alltid er i så god stand heller. Eg meiner det må tiltak til for at det ikkje skal vere attraktivt å ha buss.

Kongeparken, landstreff

Landstreffet til russen i Kongeparken.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Bugdø-Aarseth er klar på at det er ungdommane sjølv som må definere kva russetida skal vere og få til dei eventuelle endringane, men at dei ikkje klarer det på eiga hand.

Politikarane bør legge til rette for å gjere det vanskeleg for marknadsaktørar å utnytte ungdommar. Eit betre alternativ er å ha stader der ungdommane skal møtast ved å til dømes ha ein russekro som er open i ei veke etter eksamen, med kontrollert skjenking og trygge vaksne rundt feiringa, seier Bugdø-Aarseth.

Eg er sikker på at ein då kan gi alle ei fin tid på vidaregåande, for det er jo meininga å ha det bra som elev i norsk skule, og at ein får ei hyggjeleg feiring på slutten av den tida, avsluttar ho.

– Høyrest litt ut som ein barnebursdag

Forslaga til ombodet får ein relativt lunken mottaking hos russejentene frå Hønefoss.

– Kulturen med utestenging kjem framleis til å vere der enten dei har ein fysisk buss eller ikkje. Så eg ser ikkje heilt poenget, meiner Jenny.

Russ Hønefoss

Store delar av russetida er bra som ho er no, meiner jentene som straks skal gå i gang med siste året på vidaregåande. Frå venstre: Mina Minaie (ryggen til), Jenny Amina Kristiansen, og Cathrine Fornæss.

Foto: Eirik Leivestad Hall / NRK

Når russejentene får høyre den alternative idéen om ei veke russetid i eit bestemt lokale, ler dei og ristar lett på hovudet.

– Eg synest det høyrest litt ut som ein barnebursdag arrangert av kontaktlæraren, seier Cathrine.

Likevel anerkjenner dei poenget med at aktørane i russemarknaden er med på å auke pengepresset på ungdommen.

Vi kunne ikkje klart å trykke kleda sjølv, lage logo, ordne bil, fikse sponsorar og så vidare. Vi må jo bruke pengar på det, seier Jenny.

Jentene meiner årsaka til at enkelte kjenner seg utanfor, ligg i korleis vi generelt oppfører oss mot andre.

– Folk heng jo med dei ein synest er kule då. Så det har nok meir å gjere med at ein ikkje vil vere med dei som blir sett på som rare og som berre går åleine, fordi då blir ein sett på som rar sjølv. Vi går jo på vidaregåande og burde sikkert vere meir vaksne enn det, men slik er det berre i det samfunnet vi lever i, seier Cathrine.

Les også Frykten for utenforskapet

Russ, 17.mai Oslo.

Dette seier marknadsaktørane

NRK har teke kontakt med Russeservice og Bussfix, som er to av dei største aktørane i marknaden som vender seg til russen.

Russeservice er eit firma som jobbar med klede og tilbehøyr til dei ulike russegruppene.

Ove K. Tufte i Russeservice svarer følgande til kritikken.

Vi bestemmer ikkje innhaldet i russetida, det har det alltid vore russen sjølv som har bestemt. Når det gjeld pengebruken på russeutstyr er det opp til russen sjølv kor mykje pengar dei vil bruke.

Bussfix utstyrer bussane og bilane med innvendige og utvendige materiale, og dessutan utleige av ferdige russebussar. Dagleg leiar i Bussfix, Nicolay Østbye, kjenner seg heller ikkje igjen i påstandane.

Dei som bruker store summar er gjerne det som blir omtalt som «satsebussar», dette er eit fenomen som har eksistert i mange år og er ingenting nytt. Bussfix kan derfor ikkje kjenne seg igjen i dei påstandane som blir fremja av barneombodet. Det er dessverre mange aktørar på marknaden som driv på ein slik måte at dette svartmålar ein heil bransje med useriøsitet og utnytting, avsluttar Østbye.

Høyr episoden frå «Oppdatert»: Kva har skjedd med russetida?

I over 200 år har russen festa og kost seg. Like lenge har kritikken mot dem hagla. Men nå handler ikke debatten lenger om fyll og bråk - for nå er auditions, utestenging og psykisk helse på agendaen. Hva har skjedd med russetida og hvorfor har vi den i det hele tatt?