Hopp til innhold

Lørenskog-lag spelte mot rockelegende

Lørenskoglaget «Aces High» spelte i dag mot det private laget til Iron Maiden-bassist Steve Harris. «Aces High» er ein del av Gatelaget, eit tilbod for folk som har eller har hatt utfordringar knytt til rus, og lagnamnet kjem frå Iron Maiden-songen med same namn.

– Eg fekk ein telefon, som lurte på om vi kunne arrangere ein kamp med laget til Steve Harris, og då sa vi sjølvsagt ja, seier Per Erling Berger Neraasen, eller Pelle, som han blir kalla av dei på laget.

Kampen skjer medan Iron Maiden skal spele på Tons of Rock, den største rock- og metalfestivalen i landet. Festivalen blir arrangert på Ekebergsletta frå 23. til 25. juni. Bassisten Harris er ein fotballentusiast, og medan bandet turnerer plar han å fly inn sitt eiga lag for å spele kamp.

Ein del av bandet er også nokre gonger med og speler kamp, men det byrjar å bli vanskeleg, fortel Harris.

– Noko av crewet er for gamle, så sonen min og nokre av venene hans er med, men vi har ingen store vinnarar, seier den 66 år gamle musikaren som sjølv er med på laget.

Steve Harris speler i kamp mot Lørenskoglaget "Aces High"
Foto: Artur do Carmo / NRK