NRK skreiv tysdag om ein pasient som døde nokre dagar etter å ha blitt feilmedisinert på Drammen helsehus.
Pasient- og brukarombodet i Buskerud, Anne-Lene Arnesen, meiner styringssystema og kvalitetskontrollen på Drammen helsehus er gjennomgåande dårleg.
– Tida er gått ut for lengst når det gjeld feil ved helsehuset. Drammen helsehus og Drammen kommune lovar «bot og betring» overfor fylkesmannen, og lager lister over kva dei har tenkt å setta inn av tiltak.
Pasientombodet meiner Drammen helsehus spring etter når ting har skjedd, og ikkje tek tak i tinga på førehand.
– Ein må gå inn og sjå på kva som er viktigast fyrst og ta det med ein gong, seier Arnesen.
Pasient- og brukarombodet i Drammen går hardt ut mot helsehuset og rutinane deira.
Foto: Vegard M. Aas / NRKFleire tilsynssaker mot feilmedisinering
Dei siste åra har det vore tilsynssaker mot Drammen helsehus. I fleire saker er det feilmedisinering og for dårleg tilsyn til pasienten som går igjen.
– Eg tenker at det er beklageleg fyrst og fremst både for pasienten og for pårørande som har vore gjennom denne opplevinga. Så til det andre, korleis var dette mogleg i ein så stor kommune som Drammen, og som har hatt så mange tilsynssaker spesielt retta mot helsehuset, spør Pasientombodet.
– Tiltaka må ha ein effekt med ei gong
– Ut ifrå det me har fått beskrive gjennom denne varslingssaka, så er kompetanse eit viktig moment. Dei tilsette reagerer på at det ikkje er fagpersonell til stades til alle tider på døgeret, påpeikar Arnesen.
Dette er medisinen som blei gitt for mykje til pasienten. Pakka er tydeleg merka, men likevel fekk pasienten medisinen kvar dag i fire dagar.
Foto: Vegard M. Aas / NRKDrammen helsehus har no gått i gang med eigne undersøkingar for å finna ut av kva som gjekk gale. Foreløpig har dei meldt til fylkesmannen at dei umiddelbart vil setta i gang med seks forskjellige tiltak for å sikra at pasientar ikkje blir feilmedisinert igjen.
– For meg ser det ut som om dei kanskje gjer noko med problema, og så har dei ikkje den totale oversikta over kva slags tiltak som blir sett i gang. Så blir det litt betre, men likevel skjer det alvorlege feil, seier Pasientombodet.
> Les også:
Skal vera trygt på helsehuset
– Eg trur det er trygt akkurat no. Dei går nok nøye gjennom rutinane sine, for no er ein over ei grense på kor mykje folk finn seg i og ikkje minst kva leiinga i kommunen kan akseptera. Dei har heilt klart ei utfordring, seier pasientombod, Anne-Lene Arnesen.
Verksomheitsleiar ved Drammen helsehus, Jan Berg, ønske ikkje å kommentera kritikken, men seier han vil ta det direkte opp med Pasient- og brukarombodet.
Verksomheitsleiar i Drammen helsehus, Jan Berg, ønske ikkje å kommentera saka til NRK.
Foto: Vegard M. Aas / NRK