Hopp til innhold

Kan få straumrekning på 40 millionar i året: – Seier seg sjølv at det ikkje går

Hadeland Glassverk må selje ut lagerbehaldninga for å klare straumrekninga fram til jul. No fryktar industrieigar Atle Brynestad at både tradisjonshandverket og arbeidsplassar vil gå tapt.

Leif Rustad (t.v) har jobba på Hadeland glassverk i 57 år. Nå fryktar han og industrieigar Atle Brynestad at arbeidsplassen skal gå tapt.

Leif Rustad (til venstre) har jobba på Hadeland Glassverk i 57 år. Nå fryktar han og industrieigar Atle Brynestad at arbeidsplassen skal gå tapt

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Det er energikrevjande å drive Noregs eldste industrielle handverksbedrift. Alle omnane må vere i drift hele døgnet for at det skal vere mogleg å jobbe med glaset. Og med dagens straumprisar, fryktar Brynestad at dei må stengje.

– Vi kan ikkje gå frå ei straumrekning på to til 40 millionar årleg. Det seier seg sjølv at det ikkje går. Regjeringa må komme på banen og fortelje oss kor høg straumen blir.

Villig til å betale

Hadeland Glassverk har fått 2 millionar i straumstøtte ut året. Av desse skal 1,5 millionar bli brukte til Enøk-tiltak. Historisk har glasverket betalt 20 øre, no ligg det an til ein januar-pris på 4 kroner med nettleige.

Frå februar har regjeringa sagt at straumselskap og bedrift må avtale prisen på straum. Dette er fullstendig uforsvarleg, meiner Brynestad.

Han er villig til å betale meir enn 20 øre og vil ikkje sutre, men meiner ordninga gir null føreseielegheit.

– Ingen vil inngå avtalar for neste år med prisane som er no. Dette blir ei stor uvisse og det blir umogleg å planleggje.

Industrieigar Atle Brynestad ber regjeringa kome på banen.

Industrieigar Atle Brynestad ber regjeringa kome på banen.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Les også Strømstøtte til bønder kom for sent: Bonde pløyde ned 80 tonn gulrøtter

gulrotbonde

Glassverket har heller ikkje pengar til å drive med energitiltak når dei først og fremst må sørgje for at straumrekninga blir betalt, understrekar han.

– Me sel unna no for å betale straumrekninga så me ikkje må stengje ned. Det går ikkje lenger. Me må ha føreseielegheit.

Redd for arbeidsplassen

Totalt er det 150 tilsette på Hadeland Glassverk. Ein av dei er slipar Leif Rustad. Han har jobba der i 57 år, men fryktar no å stå utan jobb.

– Eg tenkjer på vennene og kollegaene mine som jobbar her. Det er det som er viktig – å behalde arbeidsplassen. Den held ikkje viss straumen skal vere så dyr.

Les også Strømpriser sender badeland til bunns

En guttunge har kommet så høyt det går an i klatreveggen. Under ham er bassenget i Indre Østfold.

– Det er mange som pratar om at dei er redde for å miste jobben no, seier klubbleiar Jan Erik Weisten. Han håpar salet kan hjelpe litt på veg.

Det var Ringerikes Blad som omtalte saka først.

Vil skape føreseielegheit

I ein e-post til NRK svarer Nærings- og fiskeridepartementet at regjeringa er oppteken av å skape mest mogleg føreseielegheit for næringslivet.

– Derfor har me foreslått endringar i grunnrenteskatten som skal leggje betre til rette for at bedrifter som ønskjer får tilgang til gode fastprisavtalar, skriv næringsminister Jan Christian Vestre.

Vestre meiner alt no ligg til rette for at kraftselskapa kan starte konkurransen om fastpriskundane.

– Me forventar at kundar som ønsker å inngå slike avtalar no får fleire tilbod å velje blant. I tillegg til å setje ned elavgifta har me saman med NHO, Virke og LO lagt fram ei lånegarantiordning og eit energitilskot som skal hjelpe rundt 20.000 bedrifter med straumrekninga allereie i haust.

Les også Strømregningen ble 3 millioner dyrere

Julestjerne