Hopp til innhold

Ny studie: Legevakter ikkje førebudd til kriser

Svært mange legevakter i Noreg har ikkje følgt opp krav etter 22. juli. Dei manglar beredskapsplanar for kva dei skal gjere viss det skjer store ulykker eller straumen går.

To leger ser etter noe i en stor plastikkboks

BEREDSKAPSLAGER: Overlege Ole Norden og fagkoordinator Eline Røste Lunde ved Moss legevakt viser fram noko av beredskapslageret dei har.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen/NRK

– Beredskapsarbeid er vanskeleg. Det er jo ein «verstefalltenking», seier overlege Ole Norden ved Moss legevakt.

Dei er ei av legevaktene i landet som har beredskapsplanar for korleis dei skal få folk på jobb viss straumen går eller internett er nede i ei krise.

Men det er det ikkje alle legevaktene som har, ifølgje ein fersk studie.

En plastikkboks merket med "beredskapslager"

I Moss har dei eit beredskapslager og dei har også kjøpt inn madrassar dersom det oppstår ein situasjon der tilsette ikkje kan forlate legevakta.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen/NRK

Berre 17 prosent av dei som svarte på undersøkinga hadde ein slik plan.

I Moss har dei hatt planen i fleire år og fylt på med nye ting etter kvart som situasjonen i Noreg og verda har endra seg. Dei har førebudd seg på atomkriser, nye pandemiar og krig.

– Hamnar vi i ein situasjon, ein stor katastrofe, så er det viktig å ha gode planar så vi kan halde hovudet kaldt og kreativiteten oppe. Nettopp for å kunne utføre god helsehjelp, sjølv om det er massehendingar og uoversiktlege situasjonar, seier Norden.

Ein beredskapsplan skal rettleie og mellom anna seie noko om kven som skal gjere kva, korleis ein får tak i personell og følgjer opp etter ein situasjon.

Lovpålagt etter 22. juli

Etter terrorangrepa 22. juli vart det lovpålagt for kommunane å utarbeide beredskapsplanar. Desse planane skal inkludere legevakter.

Årsaka er at utgreiingar etter terrorangrepa viste kor viktig det er å ha planar som seier noko om kva ein skal gjere ved alvorlege hendingar.

– Ved mangel på ro og orden i ein krisesituasjon blir det fort kaos, seier Norden.

Les også Denne knyttneven kan redde liv etter fødsel

En jordmor presser hånda si ned i magen til en kvinne som ligger i en seng.

Kan føre til tap av liv

– Studiar viser at det er mangelfulle beredskapsplanar og massetilstrøymingsplanar som fører til potensielt tap av liv, seier Fredrik Femtehjell Friberg.

Han er lege og hovudforfattar bak studien.

Fredrik Femtehjell Friberg

Fredrik Femtehjell Friberg har undersøkt beredskapsplanar ved norske legevakter.

Foto: Julie Günther / NRK

Friberg seier det er uklart om alle kommunar har laga beredskapsplanar på legevakta.

– Ein plan burde innehalde kva ei legevakt skal gjere ved massetilstrøymingar. Den burde også klart kartleggje korleis ein kallar inn personell viss det skulle bli nødvendig.

Friberg meiner årsaka til at mange ikkje har slike planar er at legane ved legevakter rundt i landet ikkje har tid til å jobbe med dette.

– Legevaktlegar har lite tid til å tenkje beredskap og planverk, fordi mesteparten av tida går til pasientretta arbeid.

– Urovekkjande

– Det er urovekkjande at så få legevakter i Noreg har følgt opp lovkrava som kom etter 22. juli. Det er viktig at ein har moglegheiter raskt til å kalle inn helsepersonell ved store hendingar, seier statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap).

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap)

Statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap).

Foto: Esten Borgos

Han seier det er viktig å ta tak i fastlegeordninga, fordi legevaktene i hovudsak er bemanna av fastlegar. Regjeringa har sett av nesten ein milliard kroner til fastlegeordninga i år.

– Det hjelper ikkje å kalle inn legar ved store hendingar, viss du ikkje har nokon legar å tilkalle.

Bjørkholt seier helsepersonell er dedikerte og stiller opp ved store hendingar. Men han meiner kommunane må sørgje for at slike planar er på plass så fort som mogleg.

– Infrastrukturen må vere på plass så dei får beskjed også dersom det skjer hendingar som gjer at straumen ryk, at vi mistar høvet til å sende SMS eller annan massekommunikasjon. Så dette må det takast tak i.

Også ved Sarpsborg legevakt har dei beredskapsplan. Dei lagar nye rutinar for kva dei gjer dersom straum, internett og massekommassekommunikasjon er nede.

– Då er det viktig å ha ein oppmøteplass for tilsette, så dei veit kvar dei skal møte opp., seier teamleiar for legevakta i Sarpsborg Heidi Brodal.

Les også Over 20 kvinner har fått donorsæd de ikke skulle ha fått

Bilde av Catharina sammen med sønnen.

Hei!

Hei! 

Takk for at du har lest deg helt ned hit. 

Tenkte du på noe da du leste saken? Eller har du tips til hva min neste artikkel skal handle om? Send meg gjerne en e-post!