Hopp til innhold

– Håpar heile verda ser kva me meiner

Arrangørane av skisprinten i Drammen ønskte seg ein folkedemonstrasjon mot den russiske invasjonen av Ukraina. Det har dei fått. I dag er byen farga gul og blå.

– Me får levert 7000 flagg no, som skal delast ut. Løypepatruljen er med, i ukrainske fargar. Og startnummera er i ukrainske fargar. Så no håpar me at heile verda ser kva me meiner.

Det seier Geirr Kihle til NRK torsdag morgon, medan han sjølv får måla to flagg i ansiktet. Eitt i raudt, kvitt og blått - og eitt i blått og gult.

Geirr Kihle. Males med gult og blått til skisprinten i Drammen.

Geirr Kihle er klar for skisprint i Drammen.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprinten, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Kihle er styreleiar i eigarutvalet til skisprinten i Drammen.

– Blir dette den folkedemonstrasjonen ein har sett for seg?

– Du, det skal eg love deg at det blir, seier Kihle.

Dei siste dagane har han oppfordra folk til å bruke verdscupsprinten til å vise solidaritet med det ukrainske folket.

Det same har Drammens-ordførar Monica Myrvold Berg gjort.

Skisprint, Drammen.
Drammensarane har tatt oppfordringa frå ordføraren på alvor.
Skisprint, Drammen.
Torsdag morgon gjorde dei seg klare for folkefest i gult og blått.
Skisprint, Drammen.
Både folk og bygg er pynta.
Skisprint, Drammen.
Norske og ukrainske fargar står side om side ...
Skisprint, Drammen.
... og både to- og firbeinte er med.

Truga med avlysing

Tidlegare denne veka truga arrangørane også med å avlyse den tradisjonsrike langrennssprinten, med mindre løparar frå Russland og Kviterussland vart nekta å stille til start.

Og samstundes oppfordra dei altså folk til å farge byen gul og blå, som ein tydeleg folkedemonstrasjon mot den russiske invasjonen.

Etter eit ekstraordinært styremøte tysdag ettermiddag, melde FIS at russiske utøvarar er utestengde frå internasjonale konkurransar resten av sesongen.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprin, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Drammen er farga gul og blå under skisprinten.

Skisprint, Drammen.

Dermed er det ingen utøvarar frå Russland eller Kviterussland å sjå i Drammen i dag.

Men folkefesten er i full gang - i gult og blått.