Hopp til innhold
Info fra NRK

NRKs beredskapsansvar

Under beredskap eller krig har NRK plikt til å sikre at informasjon frå regjeringa når befolkninga.

DAB-radio

Lytt til NRK P1 ved kriser. Sørg for å ha batteri til radioen i tilfelle straumbrot.

Foto: Kristian Sønvisen Bye/NRK

Plikta gjeld kringkasta radio, altså radio via DAB. NRK P1 er beredskapskanalen. Saman med tyfonanlegget til Sivilforsvaret skal NRK P1 sikre at folk i Noreg raskt får informasjon ved ei nasjonal krise eller katastrofe.

Dette ansvaret er slått fast både i Lov om kringkasting §2-4 og Forskrift om virksomheten i Norsk rikskringkasting under beredskap og i krig: «Norsk rikskringkasting plikter å treffe særskilte beredskapstiltak for å sikre at informasjon fra regjeringen når befolkningen under beredskap og i krig».

Beredskap i tunnel og i bil:

Tunnel: Skulle det oppstå ein situasjon det er viktig å varsle om, vil skilt med radiosymbol lyse opp i tunnelen for å for varsle bilistane om at dei må skru på radioen. Meldingane frå nødetatane vil bryte inn på alle radiokanalar (ikkje berre NRK P1).
Les meir

NRK har også ei eiga trafikkteneste på DAB, NRK Trafikk. Kanalen gir regional informasjon til alle som har ein DAB-radio og krev ikkje TA-funksjon. (Trafic Announcement)

Podkast om beredskap

Kor førebudde er vi om ei krise skulle oppstå? I podkasten 72 timer snakkar Marte Stokstad og Knut Folkestad med kjende nordmenn om kva forhold dei har til eigenberedskap og finn ut kor førebudde dei eigentlig er. Høyr podkasten.

Les meir om eigenberedskap: Dette bør du ha heime


Tryggleik utanfor heimen

Sjekk vêret og naturfarevarsel: Lytt til vêrmeldinga eller bruk yr.no og varsom.no (naturfarevarsling)


Har du spørsmål? Ta kontakt med NRK