Hopp til innhold

Giske trur på frihandelsavtale

Næringsminister Trond Giske (Ap) trur ikkje fredspris-konflikten mellom Noreg og Kina får konsekvensar for planane om ein frihandelsavtale mellom landa.

Trond Giske

Ei frihandelsavtale vil vere vinn-vinn for begge partar, meiner næringsminister Trond Giske (Ap).

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen er i Kina.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Giske trur ikkje det faktum at kinesiske styresmakter i dag avlyste eit møte med fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen, vil bety noko for avtalen.

– Eg trur ikkje det, fordi ei frihandelsavtale er noko begge land har stor interesse av, seier Giske, som trur ei avtale vil vere ein stor fordel for Kina.

– Vinn-vinn for begge

Han viser mellom anna til at Kina vil få tilgang til teknologi som landet treng og at Kina dessutan har ein stor eksport til Noreg.

– Eg trur kinesarane også vil vere interesserte i å sjå på investeringsalternativ i Noreg. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, seier Giske.

– Ikkje berre råvarer

Han trur ikkje at norske bedrifter som har aktivitet i Kina, blir straffa. Han meiner norske bedrifter er ein stor ressurs for kinesisk økonomi.

– Dei tek med seg teknologi og kompetanse som kinesarane ofte sjølve manglar. Og dette handlar ikkje berre om råvarer eller om fiskeeksport, men også om høgteknologi innanfor maritime næringar eller prosessindustrien, som kinesarane er veldig interesserte i å utvikle sjølve, seier Giske.

Må vente fleire avlysingar

Video Jan Egeland i Morgennytt

Norske bedrifter kan vente seg fleire avlyste møter i framtida, meiner NUPI-direktør Jan Egeland.

Foto: Nyhetsspiller

Norske bedrifter må vente fleire avlyste møte i Kina framover, men det vil ikkje gå ut over handelen mellom landa, meiner NUPI-direktør Jan Egeland.

– Det kan vare nokre månader, eller eit heilt år utan at det vil få konsekvenar for den økonomiske samhandlinga, trur Egeland.

– Kina er no i ferd med å bli den største handelspolitiske makta i verda. Dei har alltid understreka at det må vere forutsigbart begge vegar, så om dei startar med straffetiltak så vil dei vere redde for å møte straffetiltak frå andre hold, seier han.

Egeland meiner det viktigaste for Noreg no må vere å forklare Kina at Nobelkomiteen er uavhengig frå den norske regjeringa.