Vulkanutbrot kan bli langvarig

Vulkanutbrotet på kanariøya La Palma kan vare til slutten av året, meiner ekspertar.

Ekspertar ved Kanariøyenes vulkanologinstitutt meiner utbrotet kan vare i opptil 84 dagar, skriv NTB. Prognosen er basert på utrekningar frå varigheita på tidlegare utbrot på Kanariøyene.

Myndigheitene meiner det framleis er fare for innbyggarane i tida som kjem, med mellom anna jordskjelv, lavastraumar, giftige gassar, vulkansk oske og sur nedbør.

Lavaen har slukt oppimot 185 bygningar sidan utbrotet starta søndag. Rundt 6000 er evakuert.

APTOPIX Spain Volcano
Foto: Emilio Morenatti / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no