Hopp til innhold

Ville gitt prisen til Navalnyj

– Hadde det vore opp til meg, ville fredsprisen gått til Aleksej Navalnyj. Det sa Dmitrij Muratov, som saman med Maria Ressa i dag vann Nobels fredspris. Han avkrefta samtidig at han vil gi frå seg prisen. Muratov seier han er usikker på om han får moglegheita til å reise til Oslo for å ta imot prisen, og viste til at Russland for tida opplever høg koronasmitte.

På spørsmål om han heller burde bli politikar, svarar han: – Eg har den beste jobben i verda, eg er journalist. Muratov har tidlegare i dag sagt at prisen blir tileigna dei seks journalistane som har blitt drepne i sitt arbeid for avisa, noko han gjentok under pressekonferansen.

Noko av pengepremien vil gå til barn med sjeldne sjukdommar, eit fond som heiter «Ringen av det gode». Han ønsker også å donere pengar til arbeidet med uavhengig journalistikk i Russland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no