Vil klage Israel inn for ICC

Palestinske sjølvstyrestyresmakter vil be Den internasjonale straffedomstolen (ICC) granske påståtte krigsbrotsverk gjort av Israel under angrepa i Gaza.

Den palestinske statsministeren Mohammad Shtayyeh skuldar Israel for krigsbrotsverk mot sivilbefolkninga på Gazastripa, som blei ramma av omfattande fly- og artilleriangrep, skriv Haaretz.

Ifølge helsestyresmaktene i Gaza er minst 243 palestinarar drepne i angrepa. 66 av desse er barn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no