UBS ber om statlege garantiar for å ta over Credit Suisse
UBS skal ha bede om over 64 milliardar kroner i statsgarantiar for å ta over den kriseramma banken Credit Suisse, seier kjelder til Reuters. Garantiane er tenkt å dekke utgifter knytt til å avvikle delar av banken og potensielle rettstvistar, ifølge kjeldene. Det blir no jobba på spreng for å finne ei løysing for Credit Suisse før marknadane opnar igjen måndag.