Hopp til innhold

Støre: 30.000 ukrainske flyktninger i Noreg

Det har kome 30.000 flyktningar til Noreg, bekrefter statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.

– Det var det talet me antok kunne koma til Noreg i 2022, seier Støre.

Aldri før har Noreg tatt imot så mange flyktningar på så kort tid.

– Først og fremst er eg veldig imponert over kommunane. Dette kom jo veldig plutseleg på, men dei har kasta seg rundt. Folk ute i kommunane har stilt veldig bra opp.

– Gjennomgåande har dette gått veldig bra. Det har vore lite konflikt. Sjølvsagt er det ein del utfordringar for dei som kjem, og dei som ein kjem til, men eg synest me kan stå oppreist for det me har gjort her. Det skal vera slik når dei flyktar frå ein slik tragedie som krig er, at dei blir tekne godt imot.

Raude Kors har kritistert Noreg for å forskjellsbehandla flyktninger, som til dømes at ukrainske flyktningar får gratis bussbillett medan andre må betala.

– Eg ser den utfordringa, men eg trur at situasjonen har vore så ekstraordinær, krig i Europa og millionar på flykt, så det at me har kunna ta imot ukrainarar som flyktar frå krig på ein god måte, det har vore viktig. Så får me sjå om dette blir jemna ut over tid.

– Det handlar om å koma på plass, finna sin plass i samfunnet og mykje av dette er også lokale intiativ for å ta godt imot dei lokalt.

Til neste år har regjeringa budsjettert for 10.000 fleire flyktningar frå Ukraina, medan Utanriksdirektoratet reknar med at det vil koma 30.000 fleire flyktningar.

– Det handler om at me gjorde vurderingar i juli-august då me jobba fram eit statsbudsjett. Det er dei siste tala frå UDI me må jobba vidare med.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no