Stor terrorrettssak starta i Brussel
I Belgia har rettssaka etter terrorangrepet på flyplassen Zaventem i Brussel og på eit t-banetog Maalbeek i 2016, starta. 32 menneske vart drepne og 324 vart skadde.
Hovudtiltalte er Salah Abdeslam som allereie er dømt til livsvarig fengsel i Frankrike for deltaking i terrorangrepet mot konserthallen Bataclan i 2015, der 130 menneske vart drepne.
I alt er det 10 tiltalte. Av dei møter ni i retten, 6,5 år etter angrepet. Den siste tiltalte er truleg drepen i Syria.