Hopp til innhold

Spania og Skottland lar transpersonar velje kjønn sjølve

Den spanske nasjonalforsamlinga vedtok torsdag ei ny lov som gjer det enklare å skifte juridisk kjønn. Det einaste som krevs er at transpersonar sjølv erklærer at dei vil skifte juridisk kjønn.

Lovforslaget har splitta den spanske regjeringa og landets kvinneorganisasjonar.

Før lova trer i kraft må den og godkjennast av Senatet, noko som er venta å skje i løpet av få veker, ifølgje Reuters.

Når lova trer i kraft, kan alle over 16 år endre juridisk kjønn på ID-papira sine.

Også Skottland vedtok torsdag at transpersonar kan skifte kjønn på eige initiativ. Der er det ikkje lenger eit krav om at dei må ha ei medisinsk diagnose. Også i Skottland er aldersgrensa sett til 16 år.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no