USA gjenopplivar krav om nettnøytralitet
Det amerikanske teletilsynet har vedtatt krav om såkalla nettnøytralitet. Det inneber at nettleverandørar ikkje kan favorisere enkelte nettstader eller appar.
Vedtaket frå Federal Communications Commission (FCC) er i praksis ei gjenoppretting av ein gamal regel. Den blei fyrst innført av president Obama i 2015, men oppheva to år seinare av president Donald Trump, skriv NTB.
Nettnøytralitet er eit prinsipp om at breiband- og nettleverandørar skal behandle all datatrafikk likt. Han hindrar til dømes at nettstader som er villig til å betale kan få raskare nett.
Telekom-bransjen har vore mot nøytralitetskravet.
Vedtaket i teletilsynet blei gjort langs partipolitiske linjer. Demokratane stemte for nøytralitetsregelen, medan republikanarane stemte mot.