Skien fengsel blir omgjort til kvinnefengsel
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl varslar strakstiltak for Bredtveit fengsel, og gjer Skien fengsel om til kvinnefengsel, opplyser departementet i ei pressemelding.
– Det har vore for dårlege soningstilhøve for kvinner på Bredtveit i mange år. Sjølvmordet for to veker sidan kjem på toppen av årevis med låg bemanning og for dårlege bygningsmessige tilhøve, seier Mehl.
Laurdag 11. mars tok ein av dei innsette i Bredtveit fengsel sitt eige liv framføre andre innsette. Veka etter var Sivilombodet på tilsyn i fengselet. Funna resulterer i at Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) no set i verk strakstiltak for å avhjelpe den kritiske situasjonen.
Justisministeren varslar desse strakstiltaka:
– Auke bemanninga på Bredtveit ved å flytte personell frå andre fengsel.
– Redusere talet på innsette på Bredtveit.
– Skien fengsel blir gjort om til kvinnefengsel for å betre soningstilhøva for kvinner generelt, og avviklar samsoning med menn.
– Kvinner på avdeling Zulu ved Ullersmo fengsel blir flytta til andre fengsel frå måndag av.