Hopp til innhold

Sikta for drap på Birgitte Tengs

Ein person er sikta for drapet på Birgitte Tengs. Det melder politiet i ei pressemelding. Mannen, som er i 50-åra, blei arrestert onsdag denne veka. Han er sikta for drapet på Birgitte Tengs, som blei funnen død 6. mai 1995 på Karmøy. Den same personen er også mistenkt for drapet på Tina Jørgensen, som blei funnen drepen i ein kum 26. oktober 2000.

Mannen er busett på Haugalandet, og har vore del av politiet tidlegare etterforsking av drapet på Tengs, opplyser politiet. Han har ikkje vore sikta før.

– Bakgrunnen for siktinga er resultat frå tekniske undersøkingar, saman med andre opplysningar i saka, seier politiinspektør Lars Ole Berge.

Den sikta mannen har ikkje erkjent drapet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no