Hopp til innhold

Sikta for å ha øydelagt egg

Ein mann og ei kvinne i tjueåra er sikta for å ha øydelagt mange egg frå hekkande fugl i Durness i Skottland.

Blant dei råka fuglane er den sjeldne og truga åkerriksa.

– Øydelegginga av eit så stort tal hekkande fugleegg på ein etablert hekkestad for sjøfugl er ekstremt trist og nedslåande.

Det seier Daniel Sutherland i det skotske politiet til BBC.

Åkerrikse
Foto: NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no