Hopp til innhold

Oljegigant bagatelliserte klima

Det franske olje- og gasselskapet Total bagatelliserte klimatrusselen med overlegg frå 70-talet og framover, hevdar ein ny studie. Studien er basert på intervjuar med tidlegare toppleiarar og gjennomgang av interne dokument. Funna er publiserte i fagfellevurderte Global Environment Change.

Rapporten teiknar eit bilde av eit selskap som frå 70-talet var klar over klimarisikoen frå olje og gass, men som undergrov det offentleg. Total begynte å spreie tvil om det vitskapelege grunnlaget for åtvaringane mot global oppvarming seint på 80-talet, heiter det.

Det gjenspeglar liknande granskingar av andre gigantar som ExxonMobil og Shell.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no