Hopp til innhold

No kan dei sleppe karakter i sidemål: – Det er herleg

Ungdomsskulane i Kristiansand kan bli dei første i landet til å teste ut ein kvardag utan standpunktkarakter i sidemål. Forslaget møter både fryd og skepsis.

Elever, Havlimyra skole

Frå venstre: Niendeklassingene Mikael Tungland Omdal, Leana Magnussen Tønnessen, Andrea Mølland, Andrea Pauline Markussen, Lana Jakobsen og Lilly Tobiassen ved Havlimyra skule.

Foto: Kristin Olsen / NRK

– Det er herleg å ha eit fag som ein ikkje har karakter i. Då kan ein ta det med ro, og då jobbar ein kanskje betre òg.

Niandeklassingane Mikael, Andrea, Leana, Lana, Andrea Pauline og Lilly ved Havlimyra skule diskuterer.

Neste haust startar dei på siste år i grunnskulen. Kanskje med éin karakter mindre å tenkje på.

Ei forsøksordning i Kristiansand skal gjere det mogleg for skulane å fjerne karakteren i sidemål.

Havlimyra skole

Havlimyra-lærar Anne Merete Hestad Svenningsen underviser klasse 9A i norsk.

Foto: Kristin Olsen / NRK

– Elevane blir taparane

Førre gong eit liknande prosjekt vart godkjend var i 2004, då ni skular i Oslo fekk teste norskundervisning utan skriftleg sidemål.

Kristiansand vil no la ungdomsskulane sjølv søkje om fritak, viss dei ønskjer det.

Undervisninga vil ikkje endre seg. Likevel møtest forslaget med skepsis.

– Det øydelegg for kompetansen elevane skal ha i nynorsk. Vi vil heller at han skal styrkjast, seier Marthe Mæland.

Marthe Mæland

Marthe Mæland meiner tre karakter i norsk er det beste for å sikre elevane på ungdomsskulen ei god opplæring.

Foto: Kristin Olsen / NRK

Lektorstudenten og studentmållagsleiaren ved Universitetet i Agder meiner dette vil føre til mindre motivasjon og dårlegare opplæring.

Ho trur òg det vil gi eit større gap mellom ungdomsskulen og vidaregåande for elevane.

– Det er til slutt dei som sit igjen som taparane. Då synest eg det er merkeleg at oppvekstsektoren seier dette.

Spynorsk mordliste

Elska og hata: Sidemålsundervisninga har i mange år vore ei kjelde til debatt, frustrasjon, glede og forarging i det norske skuleverket.

Trur på prosjektet

MDG-politikar Elisabeth Udjus er ikkje bekymra.

– Vi er ikkje er samde i at ein karakter er det som gjer at elevar lærer. Eg trur det er nok med éin karakter i norsk, som då også inkluderer sidemålskunnskapane til eleven, seier politikaren.

Det var MDG som sikra politisk fleirtal for forslaget.

Udjus er spent på om dette vil vise ei endring i motivasjonen og kunnskapen til elevane, viss kommunen får teste ut prosjektet.

– Eg trur ikkje at statusen til nynorsk og motivasjonen til elevane i nynorskfaget er særleg høg no. Vi veit at karakteren i faget skaper mykje frustrasjon for veldig mange elevar.

Elisabeth Garlie Udjus

Elisabeth Udjus i MDG.

Foto: Svein Sundsdal / MDG

Trur på meir ro i klasserommet

Niandeklassingane ved Havlimyra skule trur òg prosjektet kan gå ut over motivasjonen til elevane.

Dei trur at kanskje særleg dei som ikkje er så glad i skulen vil bry seg mindre om faget, fordi dei veit at det ikkje vil gå ut over ein karakter.

Kontaktlærar Anne Merete Hestad Svenningsen trur éin karakter mindre heller kan styrkje læringa.

I dag opplever ho at sidemålet ikkje får plass nok til å skulle vurderast med ein eigen karakter.

– Blir det aktuelt for Havlimyra å melde seg på, viss prosjektet blir realitet?

– Det trur eg. Eg trur folket her vil sjå det som ein fordel å kunne vurdere skriftleg sidemål og hovudmål i ein karakter.

Forslaget må no sendast til Utdanningsdirektoratet. Blir det godkjent der, kan dette starte opp neste haust.

Havlimyra skole

Anne Merete Hestad Svenningsen har trua på ein skulekvardag med berre to norskkarakterar på ungdomsskulen.

Foto: Kristin Olsen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %