Hopp til innhold

Israel har gjer jordskjelv-hjelp til Syria og Tyrkia

Statsminister i Israel Benjamin Netanyahu vil senda hjelp til jordskjelvramma Syria, og seier det er ein respons på at Syria hadde spurt om hjelp, melder nyheitsbyrået AFP.

Ein tenestemann skal seinare ha benekta at Syria hadde spurt Israel om hjelp, ifølge den statsvennlege, syriske avisa Al-Watan.

Netanyahu sa at han også ville senda hjelp til Tyrkia, og la til at hjelpa ville bli sendt snart.

Israel og Syria har ingen diplomatiske forbindingar mellom seg, og har vore i konflikt sidan staten Israel blei oppretta i 1948.

Jordskjelva, det første med episenter i Tyrkia nokon mil frå grensa til Syria, har så langt krevd over nær 800 liv i Syria og over 1100 liv i Tyrkia.

Storbritannia sender 76 spesialiserte redningsmannskap, samt utstyr og redningshundar til Tyrkia, tvitra Storbritannias utanriksminister måndag. Han la til at teamet vil nå Gazaintep i Tyrkia seint måndag. Tyrkia sende tidlegare i dag ein formell førespurnad til Nato og deira allierte om hjelp til å handtera skjelvet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no