Hopp til innhold

Innstilte fly etter vulkanutbrot

Eit nytt vulkanutbrot på den spanske kanariøya La Palma har ført til at fleire fly til og frå øya er innstilt fredag kveld, opplyser flyplasstyresmaktene.

Fleire flyselskap har avgjort å la flya stå på bakken etter at vulkanen igjen byrja å spy ut tjukke oskeskyer etter det nye utbrotet.

Det er første gong sidan utbrotet starta søndag, at fly har vorte innstilte. Så langt er nærare 400 bustadar øydelagde, og over 6000 av øya sine om lag 80.000 innbyggjarar evakuerte.

Det er ikkje klar kor tid flygingane vil bli tekne opp att.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no