|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Bremanger: Sagbruka i ÅlfotenDei store skogane i Ålfotdalen og austover mot Yksenelvane gav grunnlag for fleire sagbruk i Ålfoten heilt frå 1500-talet, og aktiviteten her var truleg større enn både ved Svelgsfossen og på Indrehus. Publisert 27.12.2006 08:50.
Den første saga som er omtala i bygda, er flaumsaga på Myklebust frå 1560. I 1602 er det registrert sagbruk både i Vik og i Førde. I Ålfotdalen vart det drive tømmerhogst heilt vestover mot Sørdalen ved Svelgen. Før elektrisiteten kom hadde fleire av gardane i Ålfoten sagene sine ved Sagelva under dei store fossefalla frå Daurmålsvatnet. Mykje tømmer vart då fløytt over fjorden og fram til saga. Folket i Førde hadde felles sag i Åskoreelva, der SFE-kraftverket seinare vart bygt.
Sagbruk i villmarkaSverre Maurseth frå Markane starta i 1920 eit stort sagbruk i Ålfoten. Han kjøpte m.a. tømmer frå Gloppen og Hyen.
I ein kort periode under 2. verdskrig, truleg i 1942, bygde Maurseth opp eit sagbruk høgt oppe i fjellet i Yksenelvane ved Ålfoten. Her er det stor fureskog. Sagbruket låg ved Lundavatnet og vart drive av eit overvasshjul. Tømmeret vart fløytt fram til saga, og frå saga vart ferdig skurlast heist ned til fjorden på taubane. Åtte mann frå Ålfoten
var i arbeid på denne saga i den korte tida den var i drift.
I 1918 kjøpte Arne Jensen (fødd Arne Andersen Myklebust) frå Utvik garden Askvika ved utløpet av Ålfotfjorden for å drive ut skogen der. Tømmeret frakta han til saga og høvleriet som han dreiv i Utvik. I 1948 selde han Askvika til Firdakraft L/L i samband med utbygginga i Øksenelvane.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|