(1900–1989) frå Vetvik, seinare busett på garden Førde i Bremanger. Bonde og motstandsmann under 2. verdskrig.
(1901-1980) frå Davik. Lensmann.
(1901–1992) frå Endal. Gardbrukar og lokalhistorikar.
Malvin Severinsson Aannevik
(1903-1942) frå Kalvåg, busett i Høyanger. Motormann og krigseglar. Utdanna på fylkesskule og kystskipperskule. Omkom då det svenske skipet M/S "Yngaren" vart torpedert i Nord-Atlanteren 12. januar 1942 på veg frå Halifax til England.
Ingvald Elias Bøen
(1903-1942) frå Davik. Stuert og soldat. Var saman med Sigvald Kristian Høiland (sjå denne) mellom nordmenn som vart evakuerte frå Svalbard i september 1941. Bøen hadde då arbeid som proviantforvaltar i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Bøen og Høiland omkom under ein britisk-norsk ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly 14. mai 1942.
Martin Kristoffersen Sundøy
(1903–1943) frå Davik. Stuert og krigsseglar. Omkom då D/S ”Christian Michelsen” gjekk ned i Middelhavet etter ein eksplosjon 80 nautiske mil vest for Bizerta i Tunisia den 26. september 1943 på veg frå New York til Bizerta.
Finn Osmund Skre
(1904–1945) frå Bremanger. Cand. oecon. og motstandsmann under 2. verdskrig. Var med i Stein-organisasjonen i Bergen i dei første krigsåra, og medarbeidar i ei illegal avis. Arrestert den 14.oktober 1941, overført Bergen 13.11.1941, og sat på Ulven til han 1.05.1942 vart send til KZ-leirar i Tyskland. Omkom den 17. april av utmatting under ein fangestransport frå Flossenburg.
Johanna Bakke-Wiik
(1905-1981) frå Davik i Nordfjord. Gav ut forteljingar og dikt på eige forlag.
(1908-1988) Frå Bremanger, busett i Drammen. Ingeniør og vegsjef.
Olai Johannes Kristoffersen Steinset
(1909-1940) frå Kalvåg. Matros og krigsseglar. Omkom i januar 1940 då D/S "Telnes" kom bort på veg frå New York til Rotterdam og Antwerpen.
Rasmus Matias Rasmussen Nyvoll
(1909-1944). Frå Davik. Emigrerte til Canada i 1928. Melde seg frivillig til teneste i den kanadiske hæren ved krigsutbrotet, og som kanadisk soldat i Royal Edmonton Regiment var han med på invasjonen i Normandie, men fall i kampane i Italia den 23. mai 1944. Ein minnestein er reist ved kyrkja i Ålfoten.
(1910–1998) frå Vetvik, busett i Måløy. Tannlege og motstandsmann under 2. verdskrig.
Petter Johan Eliasson Mulelid
(1911-1942) frå Bremanger. Tømmermann og krigsseglar. Hadde gått snikkarskule. Kom bort under krigsforlis med den Panama-registrerte S/S "Equipoise" den 26. mars 1942.
Abraham Terdal
(1911–1967) frå Bremanger. Rutebileigar. Starta Rutebilane i Bremanger, eitt av dei største privateigde rutebilselskapa i Sogn og Fjordane. Son til
Peder A. Terdal.
Jon Olderø
(1912-1943) frå Bremanger. Kom bort saman med Harald Svortevik (sjå denne) på rømming frå Svelgen til Shetland i ei snekke i januar 1943.
(1914-1988) frå Skjåk, busett i Botnane 1978-1985. Forfattar og lyrikar.
Alf Olafsson Aronsen
(1914-1942) frå Bremanger. Krigsseglar og kanonér. Var med i kampane ved Voss i aprildagane 1940. Rømde til Skottland i september 1941 og fekk opplæring som kanonér. Tenestegjorde seinare som kanonførar på S/S "Iddefjord", deretter D/S "Selbo". Omkom då skipet han sigla med vart torpedert utanfor vestkysten av Afrika den 28. november 1942.
(1915-1943). Frå Bremanger. Fiskar og kvartermeister.
(1916-1943). Frå Bremanger. Gardsarbeidar, fiskar og soldat.
Erling Myrhlie
(1916-1940). Var fødd i Oslo, men voks opp på Davik som fosterbarn. Kokk og krigsseglar. Omkom då M/B "Miranda" gjekk ned etter ein eksplosjon (truleg etter torpedering) 30 nautiske mil aust for Peterhead i Skottland på reise til Blyth den 20. januar 1940.
Harald Svortevik
(1916-1943) frå Bremanger. Kom bort saman med Jon Olderø (sjå denne) på rømming frå Svelgen til Shetland i ei snekke i januar 1943.
(1917-1941). Fødd i Florø, busett i Bremanger. Krigsflygar.
(1917-1942) frå Grotle. Fiskar, sjømann og soldat.
Joar Olivarsson Igland
(1917-1942) frå Igland. Matros, soldat og krigsseglar. Rømde til Shetland og gjekk inn i Marinen. Var med under raidet mot Svalbard. Gjekk seinare inn i handelsflåten og omkom då M/T "Kongsgaard" vart torpedert utanfor Curacao 21. februar 1942.
(1917-2002), Bremanger. Organisasjonskvinne og politikar (Venstre).
(1918–1980) frå Davik. Lensmann og politikar.
Olai Edwin Leirgulen
(1918-1946) frå Leirgulen. Maskinmann og soldat. Rømde til England i 1941 og gjorde teneste i den norske Marinen, mellom anna på korvetten ”Potentilla”. Vart sjuk under tenesta og døydde den 16. desember 1946 som fylgje av krigstenesta.
Harald Leif Grotle
(1918-1943) frå Bremanger. Fiskar, sjømann og soldat. Rømde til England i august 1941. Tenestegjorde i Marinen og vart asdicoperatør på marinefartyet "Bodø" frå 1941. Omkom då "Bodø" krigsforliste på tilbaketur til Skottland etter oppdrag i Noreg den 4. januar 1943. Fekk Krigsmedaljen med stjerne post mortem.
Jostein Lofnes
(1918-1942) frå Lofnes. Fiskar og krigsseglar. Rømde til England i 1941 saman med Hilmar Haug (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S "Leikanger" vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad den 27. juli 1942.
Gudmund Lund Våg
(1919–1942). Fødd i Tjøtta, busett i Davik. Matros og krigsseglar. Omkom då Panama-registrerte S/S ”El Lago” vart torpedert i konvoi til Murmansk den 21.oktober 1942.
Dagfinn Odinsson Frøyen
(1920-1944). Matros og krigsseglar. Rømde til England og tok teneste i handelsflåten. Tenestegjorde som matos på D/S "Balduin" . Han vart sjuk og døydde i South Shields i England den 19. mai 1944.
Ingrid Geithus
f. 1920 i Botnane, busett i Vik i Sogn. Gardkone og lyrikar. Gav ut diktsamlinga ”Ferdaskrinet” (Setesdalsforlaget) i 2006.
f. 1921 i Rugsund. Fiskeoppdrettar og organisasjonsmann.
Arne Oskar Karlsson Grotle
(1921-1942) frå Grotle. Fiskar, stuert og marinesoldat. Hadde fylkesskule og stuertkurs. Rømde til England 1941 og gjekk inn i Marinen. Var stuert ombord på minesveiparen " Harstad" som vart senka i Den engelske kanalen den 27. februar 1942.
Johan Friis
(1921-1939). Fødd i Bergen, busett i Bremanger. Sjømann og krigsseglar. Var smørar ombord i M/S "Ronda" som krigsforliste 13. september 1939.
Arthur Johan Hauge
(1921-1943). Fiskar og soldat. Rømde til England med M/K ”Stanley” i september 1941. Var ei tid på handelsskip før han frå 1942 tenestegjorde i Marinen på "Rose", "Sleipner" og "Tunsberg Castle", og hadde seinare teneste i land. Han vart sjuk og døydde på sjukehus i England den 30.desember 1943. Tildelt Haakon VII’s minnemedalje.
(1921–1974) frå Lofnes. Motstandsmann under 2. verdskrig og bistandsarbeidar.
Robert R. Lepsøe
(1922–1944) frå Kalvåg, busett i Canada. Legestudent og krigsflygar. Studerte i Alberta, Canada, ved krigsutbrotet og melde seg til teneste i det kanadiske flyvåpnet, men vart avvist fordi han var for ung. Han kom seinare inn i det norske flyvåpenet og vart kampflygar. Tenestegjorde frå 1944 i 332-skvadronen og var med under den allierte invasjonen i Frankrike i 1944. Under kampane vart flyet hans råka av tysk antiluftskyts og miste propellen slik at flyet styrta nær elva Maas. Lepsøe omkom.
(1922-1992), Botnane. Framståande kommune- og fylkespolitikar for Arbeiderpartiet på 1970- og 80-talet.
Sigvald Kristian Høiland
(1923–1942) frå Davik. Lagerarbeidar og soldat. Arbeidde som lagerarbeidar ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Var saman med Ingvald Elias Bøen (sjå denne) mellom nordmenn som vart evakuerte frå Svalbard i september 1941. Gjekk inn i den britiske hæren og vart stasjonert i Skottland. Høiland og Bøen omkom under ein britisk-norsk ekspedisjon til Svalbard då skipet vart bomba av tyske fly den 14. mai 1942.
Hilmar Haug
(1923-1942). Fødd i Bergen, busett i Rugsund. Sjømann og krigsseglar. Rømde til England i august 1941 saman med Jostein Lofnes (sjå denne) og tok seg hyre i handelsflåten. Begge omkom då D/S "Leikanger" vart torpedert på veg frå Cape Town til Trinidad den 27. juli 1942.
f 1923 i Botnane. Bonde og motstandsmann under andre verdskrig.
Sofia Kristofa Nesje
(1926–1944) frå Bremanger. Var passasjer og omkom då Fylkesbaatane sin rutebåt D/S ”Framnæs” (sjå ”Senkinga av "Framnæs" under
Krigshistoria i Bremanger) vart bomba av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen den 8. november 1944.
(1927–2005) frå Bremanger. Fiskar og fiskebåtreiar.
(1929–1988), fisketilvirkar frå Måløy. Starta veksten til det som no er kjent som Domstein-konsernet.
Peder Bakke
(1934-2000), Svelgen. Fiskeoppdretts-pionèr. (Sjå "
Fiskeoppdrett i Bremanger")
f. 1935 i Svelgen. Biletkunstnar. Utdanning ved div. akademi i Noreg og København.
f. 1935 på Endal, busett i Trondheim. Sivilingeniør og professor.
f. 1938 i Svelgen, busett på Leikanger. Psykolog og biletkunstnar. M.a. utdanna ved Sogn og Fjordane Kunstskule.
Anne-Lise Gilleshammer
(Haugen) f. 1939 i Kjølsdalen, busett i Svelgen. Administrasjonsfullmektig og Arbeidarparti-politikar. – Sjå
Anne-Lise Gilleshammer – Eid kommune.
f. 1939, Ytrehus. Sagbrukseigar, fylkespolitikar (Senterpartiet) og organisasjonsmann.
f. 1944 i Berle i Bremanger. Arbeidarparti-politikar og rådmann i Høyanger.
f. 1944 i Bremanger, busett i Jølster. Journalist og redaktør.
f. 1947 i Bremanger. Lærar og politikar. Arbeiderpartiet. Ordførar i Bremanger 1982-1987.
|
Magnus Helge Torvanger. |
Magnus Helge Torvanger
f. 1951 i Bremanger. Journalist og forfattar. Har gjeve ut barne- og ungdomsbøker, og historiebok om Fylkesbaatane.
f. 1951 i Bremanger. Industrieigar og investor, Florø.
(1952-2006) i Bremanger, busett i Leikanger. Biletkunstnar.
f. 1954 frå Botnane, busett i Naustdal. Journalist, redaktør og leiar av mediesenter.
f. 1954 i Kalvåg. Forretningsmann og krovert i Kalvåg.
f. 1955 i Botnane. Journalist og Arbeidarpartipolitikar.
|
Heidi Grande Røys |
f. 1967 i Kalvåg, busett i Florø. Førskulelærar og SV-politikar.
(1972-2004) frå Kalvåg. Forfattar og arkitekt.
Gunhild Berge Stang
f. 1974 i Stongfjorden, busett i Svelgen. Arkeolog og kultursjef. Sjå
Gunhild Berge Stang under Askvoll kommune.
Laila Beathe Førde
f. 1975. Sjå omtale under visepopgruppa
Fabel.
Cecilie Rise
f. 1977 i Svelgen, oppvaksen på Sandane. Friidrettsutøvar. (Sjå
Cecilie Rise, Gloppen)
f. 1979 i Davik. Student og Senterparti-politikar.
f. 1980 i Svelgen, busett i Kristiansund. Volleyballspelar.