SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Bremanger

Svelgen barne- og ungdomsskule. (Foto: Asle Veien, NRK)
Svelgen barne- og ungdomsskule. (Foto: Asle Veien, NRK)

Publisert 28.02.2001 14:54. Oppdatert 14.09.2006 14:01.

Privatskule i prestegarden i Davik

Presten Jakob Andreas Lindemann (sjå: Kjende personar i Bremanger fødde før 1900) dreiv i tre år 1844-1846 ein privat skule for ”betrestilte” jenter i prestegarden i Davik (sjå også: Skular i Leikanger). Skulen dreiv han saman med ektemaken Marie Matrine f. Aastrup, og dei gav undervisning i matstell, husstell og musikk.

Første skulen i Kalvåg

Gamleskulen i Kalvåg er bygt om til gjestehus. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Det første skulehuset i gamle Bremanger kommune vart bygt i Kalvåg i 1863. I skulehuset vart det også halde bibelmøte og konfirmantførebuing, og den første misjonsforeninga i Bremanger - Frøien Kvindeforening - skipa 1865, heldt også møta sine der.



Fastskule

innført i Davik frå 1852.
Davik skule, bygd i 1907. biletet er teke i 1909.


Davik Arbeidsskule

vart grunnlagt ca. 1900 av Sam. Etterdal. Etterdals skule ambulerte mellom bygdene, og varde 10-12 veker, fram til 2. verdskrig. Etterdal var og lærar ved Davik Praktiske Framhaldsskule.

Vinterkurs på realskule-nivå

drive i Svelgen 1928-1929 av frk. Wolnich.

Realskule

vart starta i Svelgen 1943. Siste kull vart uteksaminert i 1972. Realskulen vart driven i regi av kommunen og Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Realskuleklassar på Igland

vart drive 1967-1972 inntil ungdomsskuleordninga kom.

Vidaregåande skule

Frå midt på 1970-talet vart det i nokre år drive vidaregåande skuleklassar i Svelgen – m.a. i elektrofag.

Svelgen skule. (Foto: Arild Nybø © 2003)

Svelgen skule.

Dagens skular:

Svelgen skule (1.-10. klasse) 193 elevar
Hauge skule (Bremanger) (1.-10. klasse) 162 elevar
Davik skule (1.-10. klasse) 54 elevar
Frøyen skule (Kalvåg) (1.-8. klasse) 67 elevar
Ålfoten skule.
Kolset oppvekstsenter (Rugsund) (1.-8. klasse) 28 elevar
Berle oppvekstsenter (1.-8. klasse) 7 elevar
Ålfoten oppvekstsenter (1.-7. klasse) 9 elevar
(Dei tre oppvekstsentra går også ein avdelingsbarnehage som del av driftseininga)

Gamleskulen i Svelgen - bygt i 1922 - er i dag aktivitetshus. (Foto: Arild Nybø © 2003)


MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no