|
(Foto: NRK) |
·
Fiskeoppdrett i Bremanger
Andre omtalar:
Andreas Madssen
flytta til Kalvåg kring 1870 og starta slipp og skipsverkstad. Han var utdanna skipstømmermann, og då motoren kom, arbeidde han mykje med å tilpasse og montere motorar i tidlegare seglskøyter.
Anders Simonson Wallestad
starta som bakar i Kalvåg i 1873. I 1882 gjekk eigedomen under hammaren, og Anders flytta til Bergen der han tok opp att bakaryrket. Etter Wallestad tok Anders Eliasson over som bakar i Kalvåg og dreiv truleg til 1895.
I Midtgulen fekk Rasmus R. Indrehus og Knut K. Kjelkenes organisert eit såkalla kjøpelag for bøndene – truleg ein gong på 1890-talet.
Trevareverkstad i Ålfoten
Ola, Jakob og Martinus Myklebust starta kring 1900 trevareverkstad i Ålfoten. Dei fekk m.a. store leveransar av dører, vindauge og anna innreiingsutstyr til Ålfotselskapet kring 1920. I 1932 vart verkstaden skadd i ein sterk orkan, og vart ikkje drive sidan.
P. Terdal
grunnla 1901 handel- og fiskeforretning i Bremanger. Sjå
Handel og gjestgiveri i Bremanger.
Bremanger Havfiskeselskap
Skipa 1902. Sjå:
Jacob Blaauw Lieske.
I & M. Nøttingnes
starta 1906 skyssbåttrafikk Kalvåg. Verksemda vert framleis driven av familien.
frå Bryggja starta i 1910 ein av dei første pelsdyrfarmane i Noreg på Marøyna ved Hornelen.
Karl og Jesper Hennøy
frå Hennøy ved Frøysjøen starta ein liten sildoljefabrikk i 1910. Fabrikken vart driven til byrjinga av 1. verdskrig. I 1916 bygde dei same karane ei saltebud i Kalvåg.
vart grunnlagt i Kalvåg kring 1910 av skipsmekanikar Ingvald Totland frå Bryggja.
Edvar O. Liset
starta skreddarverkstad i Kalvåg i 1914. Han var utdanna skreddarmeister frå Bergen, og hadde fleire syersker i arbeid.
Rosenlund og Frimannslund
dreiv frå 1915 skyssbåt frå Davik. Seinare starta også Martin Sunde lokal båtskyss, m.a. hadde han mjølkeruta til Nordfjordeid.
A/S Bremanger Kraftselskab
skipa 1917 – sjå
Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.
Vågane er ein lun våg like nordaust for Smørhamn på Bremangerlandet. Etter opptak frå Staten vart det i 1917 bygd opp ein kvalstasjon – "Den Norske stats Kvalstasjon".
Den Norske stats Kvalstasjon
- sjå
Kvalstasjonen i Vågane.
Hamrøy A/S
grunnlagt 1918 i Kalvåg. Dreiv fiskehandel - sjå:
Jacob Blaauw Lieske.
Olai Børresen Mulehamn
bygde ein slipp i Mulehamn på neset mellom Sørgulen og Midtgulen kring 1918. Der dreiv han reparasjonar og nybygg av mindre båtar. Sonen Bjarne Muleham tok seinare over slippen og utvida verksemda, og deretter tok Bjarne sin son Olav Mulehamn over drifta.
A/S Bremanger Boligselskap
skipa 1918, stod for bygging av bustader i Svelgen til arbeidarar og funksjonærar. - Sjå også Svelgen Boligbyggelag 1965.
verksted i Myrafjæra i Rylandspollen i Bremanger vart starta i 1921 av Knut Pettersen.
Starta i 1928. Største verksemda i Bremanger kommune, og hjørnesteinsbedrift i kommunesenteret Svelgen.
Solvik Båtbyggeri
Kalvåg, grunnlagt 1928 av Sigurd Gulestøl. Dreiv nybygg og reparasjonar av båtar opp til 80 fot, og hadde 5 tilsette.
Alf Midtbø
var bakar hjå Myklebust i Florø før han starta bakeri i Svelgen i 1928. Midtbø dreiv også ei tid vanleg landhandel i leigde lokale. Han la ned butikken før 2. verdskrig og tok arbeid på verket.
Bortneskår Tønnefabrikk
i Kalvåg vart starta i 1929 av Peder Bortneskår i ei sjøbu som han tidlegare hadde brukt til sildesalting. Bortneskår dreiv ei tid stort, og leverte tønner m.a. til Islands-fisket.
Klara Fossedal
og ektemaken Engel Fossedal starta pensjonat i Kalvåg på 1930-talet. Pensjonatet var i drift til midt på 1960-talet.
Karl J. Isene starta tidleg på 1920-talet som båtbyggar heime på garden sin på Isane.
Halvorsen Slipp og Mek. Verksted
- Sjå
Myren slipp og Mekaniske .
Gunnar Berge Johnson
starta møbelfabrikk på Davik i 1940. Han heldt først til i eit hus som handelsmann Drageset eigde, før han flytta over i nybygg med sag og tørke på Ytredavik. Møbelfabrikken gjekk konkurs kring 1945.
Elde stolfabrikk
på Elde vart starta kring 1940 av Andreas M. Elde og var i drift til like etter 2. verdskrig. Hovudproduktet var stolar i bjørk og dessutan spisestuebord og skjenkar. I tillegg til seg sjølv hadde Elde eit par mann i arbeid.
Gjerde & Andersen møbelverkstad
grunnlagt på Davik i 1945 av Alf Gjerde og Nils Andersen. Dei hadde på 1950-talet fem mann i arbeid, og leverte møblar til heile landet. Fabrikken vart lagd ned kring 1960.
Jakob Aardalsbakke
frå Endal starta fraktebåtselskap i 1946, og hadde opptil fem båtar i drift: ”Marta Amalie”, ”Kitty”, ”Lavangen”, ”Varg” og ”Heimdrag”. Aardalsbakke leigde eit sandtak på Tistam vest for Utvik og dreiv frakt og sal av sand derifrå fram til han gjekk konkurs i 1961.
Mundal’s Kafé
i Svelgen vart starta av Magna Mundal ca. 1946. Kaféen var i drift til 1967 og gjekk på folkemunne for ”Magdeburg”.
Rutebilane i Bremanger
frå 1947 og firma P. Terdal, skipa 1901 - sjå
Handel og gjestgiveri i Bremanger.
Svelgen Boligbyggelag
skipa 1965. Sjå også A/S Bremanger Boligselskap 1918.
Bygt i 1968.
Sverre Magne Dyrstad
starta som byggmeister og entreprenør med byggevare-forretning i Svelgen i 1978. I 1997 kjøpte han eit bygg på Sande frå verket og opna ny byggevareforretning der. Verksemda er knytt til Mestergruppen AS.
Vart starta i Kalvåg 1986 av
Svein Inge Fosse. Verksemda dreiv kafé og overnatting.
Største gjestgjevar- og serveringsstaden i Kalvåg. Driven av
Svein Inge Fosse.
Elkem ASA, Bremanger Smelteverk
- sjå
Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.
Klausen Industrier Svelgen AS
skipa 1990. – Sjå
Klausen Mek. Verksted AS.
vart reist i Svelgen i 1993 i eit samarbeid mellom næringsdrivande og Bremanger kommune.
Starta i 2000 bygging av eit stort steinbrot med utskipingskai på Dyrstad nord for Svelgen.
INC Vedlikehold AS
Overtok i januar 2002 vedlikehaldet på Elkem ASA sitt smelteverk i Svelgen. Verksemda har omlag 50 tilsette, og er eit selskap i
INC-gruppa.
|
Gamleskulen i Kalvåg. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Kalvåg Appartement Gamleskulen AS
Utleigehusvære, møte- og selskapslokale i gamleskulen i Kalvåg (bygd i 1923). Fire utleigehusvære med plass til 24 overnattingsgjester. Starta i 2003 av Margret Frøyen og Alf-Haakon Harlem.
Eurovia
er eit fransk selskap som i 2006 har fått løyve til å starte steinbrot ved Gulestø på sørsida av utløpet til Gulefjordane. Selskapet reknar med mellom 10 og 15 tilsette når anlegget kjem i drift.
Kysten kring Bremangerlandet og Frøya er kjend for gode fiskeplassar, og i åra etter årtusenskiftet har det vorte satsa stort på utbygging av hytter og robuanlegg.
Smørhamn Handelsstad AS
- sjå
Handelsstaden Smørhamn.