SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Historia i Bremanger

Kanal på Indre Hauge.
Kanal på Indre Hauge.

Publisert 01.03.2001 10:31. Oppdatert 27.12.2006 09:14.

Fornfunn i Bremanger

- mellom anna helleristingsfeltet i Vingen og steinalderbuplassen på Gloføyke.

Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre - etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre - reiste sørover og la under seg Firdafylke.

Vikinghovdingane frå Berle

På vestsida av Berlepollen like sør for det mektige fjellet Hornelen ligg garden Berle. Her budde det på 800-talet ein mektig hovding som vart kalla Berle-Kåre.

Handelsstader og gjestgjevararar

- sjå: Handel i Bremanger.

Sorenskrivaren budde i Ålfoten

Martinius Torbjørnson (Morten Torbernsen) var den første sorenskrivaren i Nordfjord. Han vart tilsett i embetet kring 1592.

Futar og diktarprestar på Davik

Frå 1609 til 1692 budde futen i Nordfjord på garden Ytre-Davik i Davik. På 1500-talet budde Nordfjord-futen også i bolkar på garden Maurstad på nordsida av fjorden, men elles budde Nordfjord-futane den lengste tida på gardane Eide og Evebø i Gloppen.

Fiske var næring for alle

I gamal tid var fiske ei viktig attårnæring, ikkje berre for folket ved kysten, men for bønder langt inn over fjordane. Mest kjend er diktarpresten Claus Frimann.

Kommunesenteret Svelgen

Det er industrien som har danna grunnlaget for tettstaden Svelgen - sjå Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Fiskeværet Kalvåg

Fiskeværet Kalvåg vart det sentrale fiskeværet ved sida av Rognaldsvåg og Florø under dei store sildefiskeria kring Kinn og Frøysjøen frå ca. 1800 til 1870.

Clupeahamn

Clupeahamn er eit lokalt stadnamn ved Smørhamn – skapt under dei store sildeåra på 1950-talet, då den flytande sildoljefabrikken ”Clupea” vart ankra opp i denne ”hamna” i sildesesongen.

Verdas største sildefangst i Svelgen?

Det som truleg er verdas nest største sildefangst vart gjort av to nordlandsbåtar under vintersildefisket i 1948.

Kraftforsyning i Bremanger

Bremanger Kraftselskab A/S vart skipa i 1914, og bygde ut to store kraftstasjonar i Svelgen.

Ålfotsaka

Ålfot-saka – eller ”Ålfot-skandalen” – er nemninga på kraftutbyggingssaka som førde Sogn og Fjordane fylke og dei fleste kommunar i Fjordane opp i den største økonomiske krisa nokon sinne.

(Foto: Torje Bjellaas, NRK)

Reinsdyrlaget i Bremanger

Reinsdyrlaget i Bremanger vart skipa i 1905 etter initiativ av Didrik Lexau. 12 gardbrukarar teikna aksjar.

Tidleg ute med silo

Eit kort opphald i Amerika gav Olai Eikeland idéen til å byggje silo alt i1900.

Kjende fjellklatrarar kring Ålfotbreen

Ålfotbreen er omkransa av imponerande fjell. Høgast kneiser Gjegnen (Blånibba) med sine 1670 meter ved Øksenelvane i Nordfjord.

Lag og organisasjonar i Bremanger

· Idrettsanlegg i Svelgen

Enkeltomtaler av nokre lag og organisasjonar i Bremanger ordna etter startår.

Helsestell i Bremanger

Om m.a. legetenesta og "sjukehuset" i Kalvåg.

Ulukker i Bremanger

Drukningsulukkene i kyst- og fiskerikommunen Bremanger er tallause. Mest kvart tun i ytre strok har hatt folk som har kome bort på sjøen.

Segner frå Bremanger

- mellom anna om sagnfjellet Hornelen.

Bjørnesoger i Bremanger

I Bremanger finst det uvanleg mange forteljingar om folk som har kome i nærkontakt med bjørn. Fleire har vorte drepne.

Kriminalsaker frå Bremanger

- mellom anna om fatal leik i sengehalmen på 1700-talet

MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no