På det opne havstykket over Frøysjøen mellom Bremanger og Florelandet var tyske konvoiar på veg langs kysten ekstra utsette for allierte åtak frå MTB-ar og bombefly.
Her sende allierte fly og krigsskip fleire tusen tonn tysk tonnasje til botnar gjennom dei fem krigsåra. Dei allierte fekk særleg i dei siste krigsåra god hjelp til å peile fiendeskipa frå norske radiotelegrafistar som hadde rigga seg til med observasjonspost ved Breivika. Her vart
Atle Svardal og Fredrik Persen oppdaga den 13. mars 1945, og Svardal vart drepen av tyske kuler. – Sjå eigen artikkel om
Radiostasjonen Roska.
Flyåtak i Frøysjøen
Eitt av dei største flyåtaka på tyske skip i Frøysjøen bar til den 5. desember 1944, då to tyske lasteskip vart sette i brann. Eit anna lasteskip og ein slepebåt vart også skadde, og tyskarane kunne telje seks døde og 14 såra. To britiske flygarar miste livet då eit fly vart skote ned.
Den 2. juledag same året måtte tankbåten ”Biwi” setjast på land etter torpedering ved Olaskjær.
Den 8. mars 1945 fekk den danske ferja ”Heimdal” ein fulltreffar i Frøysjøen og brann opp då britiske og australske fly gjekk til åtak. Under same flyåtaket vart to tyske handelsskip sette på land, men greidde seinare å gå vidare for eigne maskinar. Den allierte flystyrken miste tre fly under åtaket, og to britar og to australiarar miste livet.
Ubåt senka ein dag før freden
Éin dag før freden, den 7. mai 1945, vart ein tysk ubåt lettare skadd etter alliert bombing og vest for Bremanger. Mannskapet freista å føre ubåten til Bergen, men måtte gje tapt og søkkje skipet, då det viste seg at vitale navigasjonsinstrument var sette ut av spel. Dette var den siste tyske ubåten som vart senka under 2. verdskrig.
Norske skip vart bomba
Men også norske ruteskip vart ved mistak bomba og torpederte under dei allierte bomberaida i Frøysjøen: Den 21. januar 1943 vart det fyrt av torpedoar mot hurtigruteskipet ”Kong Harald” utan at nokon råka målet. Verst gjekk det likevel ut over Fylkesbaaten ”Framnæs” då den vart bomba ved Kjelkenes den 8. november 1944. - Sjå
Bombinga av "Framnæs".