SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Sogn og Fjordane:

Aprildagane 1940


Publisert 25.01.2006 20:18. Oppdatert 28.02.2006 10:52.


Panserksipa "Eidsvold" og "Norge" før dei vart senka. Foto: SCANPIX.

Krigsutbrotet 9. april 1940

Dei første soldatane frå Sogn og Fjordane som kom opp i krigshandlingar med det tyske overfallet på Noreg den 9. april 1940, var matrosar på panserskipa ”Eidsvold” og ”Norge”, som vart senka utanfor Narvik. Begge panserskipa var umoderne, gamle holkar, bygde i 1899, og vart eit lett bytte for den tyske krigsmakta. 276 mann miste livet. Mellom dei 175 som miste livet på ”Eidsvold” var tre frå Sogn og Fjordane: Jakob M. Solvik frå Vågsøy, Sigurd Monsen frå Askvoll og Joachim Tveterås frå Høyanger. Då panserskipet ”Norge” like etter fekk ein fulltreffar og sokk, strauk 101 nordmenn med. Mellom dei var Kristen Nystad frå Gloppen, Trygve Eikevold frå Flora og Ingvald Vangsnes frå Vik.

1000 soldatar frå Sogn og Fjordane

Kommandosentralen for landstyrkane på Vestlandet vart den 9. april flytta frå Bergenhus til Voss.
Kring 1000 fjordingar og sogningar vart mobiliserte til leirane Bømoen og Tvildemoen på Voss, der dei fekk utlevert utstyr. Reisa gjekk med Fylkesbaatane sine skip til Gudvangen og derfrå med bilar til Bømoen.
På Vestlandet vart desse styrkane sette inn i kampar m.a. på Kvamskogen. Der braut tyskanane gjennom den 23. april, samstundes som Voss vart bomba. To dagar seinare marsjerte tyske tropper inn på Vossevangen.
Ei norsk soldatgruppe vart tidleg i krigen send frå Voss til Gulsvik ved nordenden av Krøderen i Hallingdal for å sperre Bergensbanen, ei anna til Dagali i Numedal.
Ein norsk styrke som skulle stoppe tyskarane på Myrdal stasjon, måtte gje opp kampen den 28. april. Ved Borlaug bru i Lærdal freista ein liten styrke på 50 mann fåfengt å stoppe den tyske framrykkinga over Hemsedalsfjellet mot Lærdal. Fire norske soldatar vart drepne, og dei som ikkje vart såra, rømde til fjells.

Stor innsats i Valdres

Dei fleste soldatane frå Sogn og Fjordane som vart mobiliserte til Voss, hamna i Valdres med 4. brigade etter at øvstkommanderande general Otto Ruge hadde bede om assistanse frå Vestlandet.
I Valdres kom vestlendingane i harde kampar med tyske styrkar som hadde brote gjennom dei norske linene ved Hønefoss og var på marsj opp Valdres mot Filefjell og Lærdal.
Kampane i Valdres varte frå 18. april og fram til kapitulasjonen om ettermiddagen den 30.april. Det kom til harde kampar m.a. ved Bagn frå 18. til 23. april og seinare i Gråbeinshølet, på Bergan gard, ved Høljerasten bru, i Nord-Aurdal og Vestre Slidre fram til den 28. april, då overmakta vart for sterk.
Den norske 4. brigade måtte kapitulere den 30. april 1940 kl. 16.30.
Dei norske offiserane vart sette i krigsfangenskap på Grini, medan soldatane vart internerte på Hvalsmoen ved Hønefoss før dei vart sende heim.
Kampane i Valdres kravde livet til 46 norske soldatar, og 237 nordmenn vart såra. På den tyske sida fall 157, og 359 vart såra.

På rømming nordover frå Voss

Den første krigsveka mobiliserte hærleiinga på Voss stendig nye soldatar: Den 22. april rekna kommanderande general William Steffens (1884–1964) med å ha mobilisert alle mannskap og reservar i Sogn og Fjordane, d.v.s. 1800 soldatar, 800 skyttarlagsmedlemmer med eigne gevær og 1000 mann som kunne få tilsendt våpen frå lagera på Voss.
Mobiliseringsstadane var Nordfjordeid, der det vart samla kring 110 mann, Førde med 500 mann, Sogndal med 80 mann og Lærdal med 53 mann.
Etter bombinga og den tyske innmarsjen i Voss, måtte dei norske styrkan på kring 1000 mann trekkje seg nord om Sognefjorden.
Først tok oberst Blom kvarter i Lærdal med ein styrke som var sterkt ribba for våpen og utstyr. Og då han høyrde at tyske styrkar var på veg over Hemsedalsfjellet, fann han det tryggast å flytte styrkane sine lengre nord.
Den 28. april stod tyskarane som kom frå Voss, i Gudvangen. Oberst Blom var hardt pressa, og same natta fekk han flytta styrkane sine frå Lærdal til Sogndal og bygdene kring Lustrafjorden. Sjølv kom Blom seg til Førde og leia dei siste aprildagane styrkane i fylket derfrå. Men sambandslinene var delvis brotne, og det lokale forsvaret var prega av kaos og forvirring.

Generalen rømmer nordover

Mellom dei mobiliserte soldatane som var samla i avsnittet mellom Sognefjorden og Nordfjord, gjekk det i desse siste aprildagane hardnakka rykte om at engelskmennene skulle kome til hjelp, utan at noko skjedde.
Då meldinga om at 4. brigade har kapitulert i Valdres den 30. april nådde fram til kommandoen i Førde, vart styrkane i Luster og Sogndal trekte vestover mot Vadheim og Førde.
Den 1. mai gav også kommanderande general på Vestlandet opp kampen og kapitulerte. Etter å ha sendt ut melding til soldatane sine om dei skulle overgje seg, reiste han sjølv frå Førde til Sandane, der han same kvelden vart plukka opp av eit sjøfly frå Marinen. Det tok Steffens og stabssjefen hans til Nord-Noreg.

Få krigshandlingar i Sogn og Fjordane

Krigen i Sogn og Fjordane var over før den retteleg hadde starta: Berre ved Borlaugkrysset i Borgund kom det til direkte kampar mellom norske og tyske styrkar. På Strynefjellet hadde ein tysk flygar frå eit naudlanda fly vorte drepen då dei kom i kamp med 20 norske soldatar.
Tyske fly hadde drepe kapteinane på ein ”fylkesbåt” og eit lasteskip frå Estland då dei sleppte bomber over Leikanger og Flåm. Elles hadde det falle tyske bomber både over Gudvangen, Lærdalsøyri, Gloppen og Stryn i desse første krigsdagane utan at det hadde kosta norske liv.

Mange fall i Valdres

Men i Valdres, på Kvamskogen og kring Voss låg det att mange soldatar frå Sogn og Fjordane etter nokre av dei hardaste kampane som gjekk føre seg på norsk jord under invasjondagane i april 1940.
I 1948 vart minnesmerket over 55 soldatar frå Fjordane Regiment-avsnitt under 2. verdskrig avduka på Voss. 25 av dei falne kom frå Sogn og Fjordane:

Oskar Dale
Edvin Førøy
Konrad Byrknes
Arthur Byrknes
Georg Distad
Sjur Trovåg
Chr. Fasting Aal
Olav Birknes
Halvor Trædal
Anders Eggum
Atle Svardal
Ove Aalen
Johannes Årset
Halvdan Sæla
Hans Thuland
Olaf Kinn
Aksel Midtkandal
Sigvald Høiland
Ingvald Bøen
Olav Hjelle
Kolbjørn Bolstad
Paul Ytrehorn
Odd Støyva
Per Faleide
Johan Berge

- Alle dei falne frå aprildagane 1940 er saman med andre falne og omkomne under 2. verdskrig omtala i eigne lister og med biografiar under kvar heimekommune.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no