SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Dei første landbruksorganisasjonane

Dei første organisasjonane som fekk betydning for norsk landbruk, vart skipa i Opplysningstida på 1700-talet og første halvdel av 1800-talet.

Publisert 19.01.2006 14:56. Oppdatert 20.03.2006 09:39.

Eit viktig mål for denne rørsla var å reformere og modernisere jord- og hagebruk ved m.a. å ta i bruk nye
vekstar som t.d. poteter, grøfting av vassjuk jord, skikkeleg gjødsling og vekselbruk.
Opplysningstid-idéane breidde seg frå Kontinentet og England til norske bygder først og fremst gjennom embetsstanden og det jordeigande borgarskapet i byane. I Sogn og Fjordane som elles i landet, var nemleg ein stor del av jorda eigd av velståande byborgarar. Bøndene var leiglendingar, mange stader til langt inn på 1800-talet, då dei kjøpte gardane fri.
Utover på landsbygda var oftast soknepresten den næraste embetsmannen til folk flest. Mange prestar var inspirerte av dei nye idéane om folkeopplysning. Dei kom difor til å spele ein aktiv rolle både ved innføring av dei første folkeskulane – og ikkje minst som pådrivarar for betre driftsformer i jordbruket. Her stod innføringa av poteta i åkerhaldet sentralt. Difor vart desse prestane ofte kalla ”potetprestar”.

Potetprestane

Dei mest kjende ”potetprestane” i Sogn og Fjordane var Hans Carsten Atche (sjå denne under Kjende personar i Lærdal fødde år 1600-1800) i Lærdal, Peder Pavels Aabel i Sogndal, Niels Normann på Leikanger, Edvard Andreasson Quale i Luster og Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik:
Atche var truleg ein av dei første som innførte poteta til Noreg på 1750-talet, Niels Normann vart ein pionér innan fruktdyrkinga, og Niels Griis Alstrup Dahl fekk i stand der første store utskiftinga i landbruket i fylket.
Men det var ikkje berre prestane som var aktive opplysningsfolk:
Kaptein Gerhard Christofferson Munthe i Luster var også tidleg ute med poteter då han sette dei første potetene på garden sin i Kroken i 1765.
Den danske kyrkjesongaren Apollonius Liljedahl i Vik tok med seg podingskunsten frå Danmark og starta den første planteskulen for frukt i Sogn, og den jordbruksinteresserte sorenskrivaren på Tysse i Fjaler, Nils L. Landmark starta både ein privat jordbruksskule og dreiv folkeopplysning i vid forstand i kring heile Dalsfjorden.

Landhusholdningsselskap

Ein viktig stimulans som vart nytta både av såkalla sogneselskap, landhusholdningsselskap, ”nyttige selskap” og kva dei elles kalla seg, var premiering for framståande resultat.
Det Nyttige Selskap, som vart skipa i Bergen i 1774, var eitt av dei første i landet av desse desse ideelle organisasjonane frå Opplysningstida. Det delte m.a. ut pengepremiar til bønder i Sogn og Fjordane som hadde fått til noko ut over det vanlege.
Men mange av desse laga døydde ut då embetsstanden frå 1814 og utover vart avløyste av bønder i styre og stell: ”Nyttige selskap”, ”sogneselskap” og liknande var noko som høyrde embetsmannsstyret til og som bøndene ville fri seg frå.

Det Kgl. Selskap for Norges Vel

Det som kom i staden, var ein meir fasttømra organisasjon, skipa som ein landsomfemnande organisasjon med regionale avdelingar og lokalavdelingar heilt nede på bygdenivå: Det Kgl. Selskap for Norges Vel, skipa i 1809, med 26 distriktskommisjonar og med lokale sokneselskap som ytste ledd. Det vart distriktskommisjonane som på mange vis var forløparen til det som seinare vart landbruksselskap for kvart fylke, men det skulle vise seg å verte tungt å nå fram dit.
Ei av dei viktigaste oppgåvene for ”Norges Vel” var å kveikje interessa for nye driftsformer i jordbruket som på denne tida vart drive etter utgamle metodar: Det som skulle vere den beste jorda låg oppdelt i knøttsmå, utpinte og valstelte småteigar nede i bygda, medan bøndene måtte klive i stupbratte fjell heilt opp under snøgrensa for å sanke fór frå utslåtter.
Husdyra svalt i hel i fórknipa om våren, og den gamle ordninga med årbyte – d.v.s. årleg byte av jordteigar grannar imellom – gjorde at jorda på gardsbruka vart utpint, vassjuk og vanstelt.
Folk hadde heller ikkje kunnskapar om vekselbruk, grøfting eller gjødsling, og poteta var lite kjend i Sogn og Fjordane før ein kom eit stykke ut på 1800-talet.

Distriktskommisjonar og sokneselskap

På Vestlandet vart Bergen by, Hordaland og Sogn og Fjordane samla under ein distriktskommisjon i 1811. Det Nyttige Selskap i Bergen valde likevel å stå utanfor og drive verksemda si vidare som før fordi dei ikkje ville innordne seg etter Norges Vel sine lover og økonomistyring.
Distriktskommisjonen for Vestlandet starta straks arbeidet med å byggje ut eit lokalt organisasjonsapparat gjennom såkalla bygdekommisjonar – eller sokneselskap.
Det var embetsmenn og folk frå overklassen som fekk oppgåva med å skipe slike kommisjonar:
I Sogn og Fjordane var det storbonde og kaptein e>10< som fekk oppgåva, i Eivindvik prost Niels Griis Alstrup Dahl, i Leikanger sokneprest Anders Daae, i Luster sokneprest Edvard Quale og i Indre Holmedal sorenskrivar Niels L. Landmark.
Alle desse sokneselskapa vart skipa frå 1811 til 1813.

Eivindvik og Tysse vart føredøme

Men ikkje alle leiarane i sokneselskapa var like aktive: Best resultat kunne prost Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik og sorenskrivar Niels P. Landmark på Tysse i Fjaler vise til:
Sorenskrivar Landmark dyrka storgarden Tysse opp til eit mønsterbruk der han m.a. planta almetre som kunne brukast for lauving til dyrefór og for flekkjing av almebork i ”borkebrødstider”. Han var den første i dette distriktet som starta organisert skogplanting, systematisk feavl og fruktdyrking. I fleire år dreiv Landmark også ein slags ”jordbruksskule” for unge gutar som fekk opplæring i dei moderne jordbruksmetodane på garden Tysse.
Niels Griis Alstrup Dahl sette i gang ei stor nydyrking då han tok over prestegarden i Eivindvik. Han bygde eit fleire kilometer langt steingjerde ikring innmarka som ein kan sjå restar etter den dag i dag, og han fekk bøndene i heile prestegjeldet med på eit av dei første store jordskifteprosjekta i den unge nasjonen. Dermed fekk han bort det gamle systemet med dårleg dyrka og utpinte småteigar på årbyte, og fekk i staden samla gardsbruk der bøndene kunne auke avkastinga med betre grøfting, gjødsling og vekselbruk.
Også sokneprest Edvard Quale i Luster var ein aktiv kar, og gjorde m.a. mykje for å få i gang fruktdyrking i bygdene kring Lustrafjorden.

Landhusholdningsselskapet for Bergen By og Stift

Som nemnt ovanfor, stogga arbeidet til Norges Vel - organisasjonen nærmast opp i tida etter 1814 fordi bøndene viste lita interesse for denne ”overklassetyrte” rørsla. Distriktskommisjonen for Vestlands-fylka hadde sitt siste møte i 1819.
Aktiviteten låg nede i 10 år inntil Norges Vel fekk nye lover i 1829 og vart omorganisert, m.a. slik at landhusholdningselskapa skulle få større sjølvstyre både over pengar og tiltak.
Landhusholdningsselskapet for Bergen By og Stift vart skipa den 8. januar 1831. Det omfatta også Sogn og Fjordane.
Men alle dei fem styremedlemmene var frå Bergen, ingen frå Sogn og Fjordane.
Dei som i denne venda fekk oppmoding om å blåse liv i gamle sokneselskap og skipe å nye, var oberst Hans Holck i Lavik, prost Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik, sorenskrivar Niels L. Landmark i Fjaler, futen Kjende personar i Førde fødde år 1700-1800 i Førde og prost Niels Nikolai Nielsen på Nordfjordeid.
Denne offensiven førde til at det vart skipa sokneselskap i Lavik, Holmedal, Førde og Sogndal, men dårleg økonomi gjorde at det var lite desse selskapa fekk gjort. Dessutan sleit ein framleis med oppslutninga frå bøndene som heller ikkje var representerte i dei styrande organa.

Himalayabygg og jordbrukslærar

Einskilde av tiltaka til distriktskommisjonane kan elles synast tilfeldige og lite gjennomtenkte. Såleis vart det eitt år sendt ut frø for dyrking av hardfør himalayabygg. Den skulle verte matberging i kalde uår – trudde ein. Men einskilde av mottakarane fekk berre 20-30 korn for såing, og forsøket vart heilt mislukka.
Den som fekk gjort mest i denne fasen, var prost Peder Pavels Aabel i Sogndal: Gjennom Sogndal sokneselskap fekk han tilsett den første vandrelæraren i jordbruk her i fylket, Elling Rasmussen Aaberge, som arbeidde som omreisande jordbrukslærar på gardane i Sogndal frå 1832 til 1834.

Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap

I 1848 vart Landhusholdningsselskapet for Bergens By og Stift lagt ned, og det skulle gå heile ni år før det vart skipa eit eige landbruksselskap for Sogn og Fjordane.
Den viktigaste grunnen til denne likesæla var nok framleis dei tunge embetsmanns- og overklassetradisjonane som hefta ved verksemda, og at bøndene enno ikkje fann nytte i
å føre desse tradisjonane vidare.
Det hende lite før amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert etter oppmoding frå Selskapet for Norges Vel fekk skipa Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap den 28. april 1857. På skipingsmøtet teikna berre 42 bønder seg som medlemmer, men seinare på året kom det til 41 nye.

I siste halvdel av 1800-talet hadde ”Bondevenrørsla” kring stortingsmann Søren Jaabeck si blømingstid. Offentleg sparsemd var den viktigaste kampsaka for bondevenene.
I Sogn og Fjordane fekk sparepolitikken jamvel verknad for bøndene sin einaste lokale fagskule – Mo jordbruksskule i Førde, starta av fylket i 1858. Denne ville det då bondedominerte fylkestinget leggje ned. Den vart berga av landbrukslærar Martin Luther Storm, som dreiv den som privatskule frå 1873 til 1907.

Også i tilslutninga til det nye Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap og lokale landboforeningar vert desse negative haldningane til offentleg styring og offentlege utgifter reflektert i ein mager medlemsmasse: I 1887 var fanst det berre seks lokallag i heile fylket, og alle i Fjordane.




MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no