Av
Ottar Starheim og
Arild Nybø.
Sjukepleiarstudenten Anne Slåtten frå Hjelmeland i Rogaland vart i juni 2004 funnen drepen like ved Angedalsvegen i Førde. Etter ei omfattande etterforsking med fleire tusen avhøyr, og meir enn 1.000 DNA-prøvar, vart 7. oktober ein 41 år gamal mann frå Gaular sikta for drapet, fordi arvestoffa hans stemde med DNA funne på avdøde.
Grannedrapet på Fure i 1986 var ei av dei mest oppsiktvekkjande drapssakene i Noreg på slutten av 1900-talet. Etter årelang krangel og usemje, vart eit eldre ektepar på Fure drepne av naboen.
Like før påske i 1978 vart ein tidlegare forretningsmann frå Stryn funnen drepen i villaen sin som låg einbølt nede ved fjorden eit stykke vest for Stryn sentrum.
Knapt noko anna rettssak utanom rettsoppgjeret etter 2. verdskrig vekte slik merksemd i Noreg på 1900-talet som Hetlesaka i Viksdalen. Saka vart etterforska, og kom først for retten som ei mordsak med to dømde, men den enda i det som er det verste kjende justismordet i Noreg i nyare tid.
Ingeborg Olsdotter Grønlien som budde på garden Grødlid på Fresvikåsen tidleg på 1800-talet, var ei hard og brutal kvinne. I 1845 fekk ho hovudet skilt frå kroppen etter å ha drepe faren sin.
Ved Vetlefjorden ligg garden Eiken. Hit kom det nygifte ekteparet Ola Sivertson Eiken og kona Anna som brukarar i 1667. Dei var då begge 21 år gamle. Dei hadde ei tenestejente som hadde lagt sin elsk på husbonden, og ville ha kona hans, Anna, av vegen.