Alt i 1788 var det ein fjærlending som gjennomførte ei slags vandring "Jostedalsbreen på langs". Det var Ole Bøyasva som tok seg over breen frå Fjærland til Greidung i Oppstryn - og med retur dagen etter. Det er mest truleg at han gjorde det for opplevinga sin del, og ikkje fordi han hadde noko naudsynt ærend i Stryn.
I 1844 kleiv Gabriel Rustøen og to andre karar frå Olden opp på Lodalskåpa - ein fjelltopp 2.083 m.o.h. som stikk opp av breen mellom Loen og Fåbergstølen.
Møtet med den mektige iskåpa har gjort eit sterkt inntrykk på turistane heilt frå dei første tok til å søkje mot Jostedalen tidleg på 1800-talet. I 1823 reiste biskop Neumann over fjellet frå Dalsdalen, over Vigdal til Jostedalen. Då han såg Nigardsbreen, skreiv han:
- Jeg mindes ikke nogen Aabenbaring i Naturen der har gjort det dybe Indtryk paa mig som Synet af denne Bræ. Aldrig havde jeg med dybere og helligere Følelse tilbedet Gud i hans Gjerning.
Frå midten av 1800-talet kom dei første utlendingane på "oppdagingsferd" til dalane kring Jostedalsbreen. Det gav grunnlaget for å bygge overnattingsstader.
I 1874 gjorde den kjende fjellklatraren
William Cecil Slingsby den første turen til Jostedalsbreen.
Seinare kom den kjende Bergens-advokaten og fjellmannen Kristian Bing til Austerdalsbreen og gav brearmane som stikk ut frå breen namna Odinbre, Torbre og Lokebre.
Frå 1890 innførte den Norske Turistforening autorisasjonssertifikat for breførarar, og seinare bygde foreninga fleire turisthytter.
|
Andy Cullens fører kajakkturar på Styggevatnet fram mot Austerdalsbreen der brefronten ragar 40 meter over vatnet. (Foto: Torje Bjellaas, NRK © 2003) |