SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Industridraumar i Fortun

"Fra Fortun i Luster" av Hans L. Reusch.
Ein av dei retteleg store fossekjøparar i Sogn var konsul Harald Larsen, som i 1905-1906 kjøpte fallrettane kring Høyanger, og noko seinare Fortun-vassdraget. For dei enorme falla i Fortun betalte han berre 45.000 kroner!

Publisert 14.07.2003 12:36. Oppdatert 19.11.2003 15:20.
Konsul Harald Larsen fekk også handgjeve fallrettane til store delar av Mørkrids-vassdraget av Lars I. Mørkrid og Otto Fjøsne for 50.000 kroner. Men desse to seljarane var så framsynte at dei sikra seg pant i eigedomane.

Bygde stålverk

Konsul Larsen la store planar for stålindustri i Høyanger (sjå: Konsul Larsen og stålverksplanen), og då det ikkje gjekk, satsa han på Fortun, der han bygde ein liten kraftstasjon i 1919 og eit lite stålverk - L/L Sogns Elektrostaalverk. Dette stålverket vart drive på ein svensk patent og i hovudsak med svenske arbeidarar. Like ved fabrikken vart det bygt både arbeidarbrakker og laboratorium. Her budde svenskane saman med familiane sine.
På det meste var 100 mann i arbeid ved anlegget. Men smelteovnen havarerte etter kort tid, og verket vart lagt ned i 1921.

Larsen konkurs

Konsul Larsen gjekk konkurs i 1923. Fallrettane som han sat på m.a. i Fortun og delar av Mørkrid, vart i hovudsak overtekne av Indre Sogns Eiendomskompani A/S. Dette var eit selskap som var kontrollert av Christiania Bank & Kredittkasse (seinare Kredittkassen) i Oslo.

Mislukka sal lokalt

Indre Sogn Eiendomskompani freista i mellomkrigstida å selje kraft frå verket i Fortun lokalt. Men problemet var at kraftstasjonen låg i Skagen langt oppe i Fortunsdalen og langt frå dei meir sentrale bygdene der abonnentane budde. Kraftstasjonen vart difor ståande unytta, og i 1944 demonterte tyskarane kraftstasjonen for flytte den til Nord-Noreg. Men på vegen nordover sokk fraktebåten - og konsul Larsen sin kraftstasjon med den.

Selde til ÅSV

Indre Sogns Eiendomskompani selde i 1954 fallrettane i Fortun/Grandfasta til det statseigde Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) for 1,5 millionar kroner.

Mørkrid verna

Etter Larsen-konkursen førte ein misleghalden pantobligasjon for Mørkridvassdraget på 30.000 kroner til at den kjende "kraft-advokaten" Einar Langberg kravde tvangsauksjon over fallrettar og andre eigedomar som Larsen hadde disponert i indre Sogn. I 1925 fekk difor grunneigarane Lars L. Mørkrid og Otto, Olav og Sigurd Fjøsne tilslaget på det meste av Mørkrid-rettane for 500 kroner.

Dette"heimfallet" av Mørkridvassdraget til grunneigarane gjorde at det seinare vart halde utanom den store Fortun-utbygginga på 1950-talet. Og i 1993 vart Mørkridvassdraget varig verna.

Førre side:
· Fossekjøpar-tida i Luster
Neste side:
· Fortun-utbygginga
Hovudside:
· Kraftutbygginga i Luster


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no