SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Gulen:

Håkon den gode

Håkon Adalsteinfostre (ca. 902-961). Norsk konge, også kalla Håkon den gode.

Publisert 31.10.2002 21:39. Oppdatert 12.11.2002 15:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Son av kong Harald Hårfagre.

Oppfostra i England

Som ein av minst ni kongssøner, vart Håkon oppfostra hos kong Athelstan (Adalstein) i England i åra 925-939. I England vart han kjend med kristendomen, og henta truleg geistlege derfrå for å fremje kristendomen i Noreg.

Gulatinget

I den eldste norske kongesoga, "Agrip", heiter det at Håkon i si regjeringstid (ca. 932-961) "sette Gulatingslag" - dvs. fastsette kva som skulle vere "Gulatingslov". Dette kan også tyde at det var Håkon den gode som grunnla sjølve Gulatinget. Men mest truleg eksisterte det eit Gulating før hans tid.

Bygde ut Gulatinget

Håkon bygde tinget sine rettsordningar vidare ut - mykje basert på rettspraksis som han henta med seg frå engelske lover. Fleire kjelder peikar nemleg på at kongen var ein aktiv lovmakar, slik fosterfaren Athelstan hadde vore: Håkon utvida Gulatinget til å omfatte Sunnmøre, Rogaland (Rygjafylke) og store deler av Agder (Egdafylke). Truleg fastsette han også ei ordning med "nemndemenn" som utsendingar til tinget frå dei einskilde distrikta. Dette endra tinget frå å vere eit "allting" til eit "lagting".

Ein har ingen prov på at kongen sjølv møtte på Gulatinget, slik det vert framstilt i sogespelet "Håkonarspelet", som vert framført kvart år på det ein meiner kan vere tingstaden på Flolid.

Innførte leidang

Håkon Adalsteinfostre innførte også leidangsordninga - ei forsvarsordning for kystområda i Noreg, der kvart "skipreide" hadde plikt på seg til å stille eit fullt utrusta krigsskip med mannskap til kongens hjelp i ufredstider. Skipreida omfatta bygder "så langt inn i landet som laksen går".

Håkon døydde i eit slag ved Fitjar på Stord.

MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no