Harald Hårfagre (ca. 865-932). Norsk konge, rekna som den første rikskongen som etter sagaen hadde samla Noreg til eitt rike på slutten av 800-talet.
Skal i fylgje sagaen vere son til Opplands-kongen og kongsdottera frå Sogn.
Han voks truleg opp på Leikanger, den morfaren Sygna-kongen budde på garden Husabø. Harald fekk truleg kontroll over Sygnafylket gjennom arv. Han hadde truleg Sogn som utgangspunkt då han samla Noreg til eitt kongerike, og avslutta samlinga med slaget i Hafsfjord på Jæren kring 885.
Far til (Håkon Adalsteinfostre).
Både Harald og faren Halvdan Svarte hadde eit godt tilhøve til den mektige Aurlandsætta, og i sagaen heiter det at kong Harald fekk hjelp av menn frå Aurlandsætta då han samla landet til eitt rike. I sagaskriftet "Fagrskinna" vert det fortalt at Harald Hårfagre fleire gonger kom tilbake til Sogn på gjesting saman med opptil 60 menn i fylgjet.
Det er truleg at Harald Hårfagre kan ha gjort opptaket til skiping av som felles tingstad for stridbare hersar og bønder på Vestlandet. Ut frå denne hypotesen, vart Gulen valt ikkje berre fordi den låg geografisk sentralt i Firda-, Sygna- og Haurdafylka, men også fordi Gulen var "nøytral" grunn mellom dei mektige småkongedøma som hadde hovudsete lengre inne i fjordane.