Medan dei andre kan telje mange hundre år bakover, så skaut utviklinga på Sandane fart først då Fylkesbaatane starta rutene sine dit. Mot slutten av 1800-talet vart nemleg Sandane det nordlege endepunktet for turistruta Vadheim-Sandane, og på kort tid vart det bygd hotell og fleire forretningar på Sandane.
Men før denne tid, hadde både jølstringar og breimingar rett til sjøveg og naust på Sandane. Dei hadde også rett til hestebeite, slik t.d. folk frå Hafslo hadde ved Sognefjorden i Solvorn og Marifjæra (sjå "
Historia i Luster").
Futesete
Elles var den nærliggjande garden Eide sete for futen i Nordfjord frå siste halvpart av 1500-talet til 1609. Futen kravde inn skatt og tiende, og dette førde mykje trafikk til Sandane.
Gjestgjevarar
Kristen Reinholdtson Vibdorph fekk i 1715 kongebrev til å drive gjestgiveri på Sandane. Men då var det alt starta tilsvarande verksemd ved Vereide og på Hestenesøyra. Dette viser at desse stadane på den tida var vel så viktige kommunikasjonssentra som Sandane. Ein av dei som dreiv ”kro og gastgiveri” på Sandane var den omstridde presten
Gabriel Heiberg (Gloppen). Då han vart tvinga til å reise frå Gloppen i 1765, selde han storgardane på Evebø og Eide - men ikkje den lukrative retten til å drive skjenkestova på Sandane.
Utvikling med dampbåten
Etter at ”dampen” starta rutene på Sandane i 1871, kom utviklinga først og fremst på gardane Holvik og Austrheim. På kort tid grodde det opp fleire forretningar, og Gloppen Hotell, Bondeheimen og ikkje minst Sivertsens Hotell tok imot turistane (sjå "
Overnattingsverksemder i Gloppen"). Ei viktig turistgruppe var laksefiskarane. I 1879 skreiv engelskmannen Fred Stafford leigekontrakt for heile elva for 12 år. Eit vilkår var at det gamle nyttefisket med kastenot og laksegardar skulle stoppast. I Evebøfossen vart det bygd laksetrapper i 1878 og 1880.
Laksefiskarar kjøper grunn
|
Kleppar Ole Nyhagen og fiskaren mr. Sperling med ein laks på omlag 20 kilo utanfor Sivertsens hotell på Sandane. (Foto © Fylkesarkivet) |
Nokre laksefiskarar kjøpte seg både gard og grunn i Gloppen: Holvik-garden vart i 1867 kjøpt av lensmann Arnoldus von Westen Sylow Lund, som flytta den gamle bispestova frå prestegarden på Vereide og sette den opp som bustadhus. Då han flytta i 1894, vart tunet kjøpt av generalkonsul for Montenegro,
Hugo Mowinckel, som var ein ivrig laksefiskar i Storelva. Han kjøpte seg mange rettar elles i Gloppen der han kunne drive jakt og fiske. Midt i Sandane sentrum fekk han skilt ut eit jordstykke som vart tinglyst som ”Hugo Mowinckels Jaktfelt”(!). På skøytet skreiv han at her kunne han jakte, ”dog ikke efter rugde”. Han kalla seg ”proprietær”, og pryda garden sin med den snobbete nemninga ”Holvig Gaard”. Movinckel sikra seg også fallrettar i Gloppen-elva, og fekk løyve til ei sterk regulering av Breimsvatnet for å kunne drive storindustri. Han kjøpte ogspå fallrettar i Norddalsvassdraget i Flora, også der med store industriplanar som det ikkje vart noko av. Hugo Mowinckel selde garden sin i 1917 til kjøpmann P. Petersen i Bergen.
Hotell
1890 bygde Kristoffer Gerhard Sivertsen
Sivertsens Hotell på Sandane. Hotellet kjøpte seinare store fiskerettar som kjøpmann Petersen då eigde i Storelva. Hotellet – no Gloppen Hotell – har sidan hatt stort belegg av laksefiskarar i sommarsesongen.
Holvik-bruket
Ein stor del av Holvik-bruket vart kjøpt av kommunen kring 1920, m.a. for å byggje
Firda Gymnas, der bygninga stod ferdig i 1924. Seinare kom idrettsplass og Turnhallen like ved, og på 1970-talet vart den store idrettshallen ”Firdahallen” teken i bruk.
Museet og Glopperock
Etter å ha vore plassert i Åsen sidan skipinga i 1920, vart
Nordfjord Folkemuseum i 1959 flytta til ny tomt i Jølet, og i 1995 vart eldfast museumsbygg teke i bruk. Her er det plass til utstillingar, magasin og kontor, og Fylkesarkivets fotoarkiv held til her. I Jølet har det gjennom fleire år vorte arrangert rocke-konsertar på festivalen ”Glopperock”.
Bygging i sentrum
Gloppen Pelsdyrfôrlag vart skipa i 1961, og har bygd ut stort fôrkjøkken midt i sentrum. Andre dominerande bygningar er kommunehuset frå 1956, Sparebanken,
Firdakraft sitt administrasjonsbygg, Hendens sportsforretning, A. Vereides forretningsbygg og Domus-varehuset. På den tidlegare meieritomta midt i sentrum opna i 2001 eit nytt varehus med mange forretningar. Den gamle rutebilstasjonen i funkis-stil vart etter mange protestar verna av Riksantikvaren.
På Austrheim-sida av sentrum låg Pelsingssentralen og utstillingshallane for pelsdyr. Her dreiv Vestlandske Salslag frå 1954 til 1964 eit slakteri (sjå "
Landbruket i Gloppen"). Den verna bedrifta Sandane Industri har og lokale på Austrheim.
Gloppen Mølle , bygd 1917, er verna og restaurert, og teken i bruk til bustader. Den tidlegare ekspedisjonsbygningen til Øydvin på Fylkesbaatane-kaia er også ombygd til liknande føremål.
Ny hovudveg
Frå hausten 2001 er Europaveg 39 lagt i nybygd trasé frå Kleivedammen til Hjelmeset, og går såleis utanom det gamle bygdesenteret ved sjøen.
|
Sentrum på Sandane. (Foto: Asle Veien, NRK) |