SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Gloppen

Gloppen heradshus på Sandane. (Foto: Asle Veien, NRK)
Gloppen heradshus på Sandane. (Foto: Asle Veien, NRK)
Frå det kommunale sjølvstyret med formannskapslovene vart innført i 1737 og fram til 1886 hadde Gloppen kommune omlag same utstrekning som den har idag.

Publisert 25.02.2002 11:07. Oppdatert 27.10.2006 14:08.

Første møta på Vereide

Den første ordføraren i Gloppen var bonde Christoffer Nielsen Scherdahlen. Dei første kommunestyremøta vart haldne i ei stove på Vereide. Den første store saka kommunestyret fekk, var kjøp av kyrkjene på Vereide og Gimmestad frå stiftamtmann Hagerup i Bergen. Kyrkjene kom i kyrkjelyden sitt eige i 1841.

Breim skilt ut

Etter krav frå bygdefolket, vart Breim i 1886 skild ut som eigen kommune. Jakob J. Myklebust som hadde vore ordførar i Gloppen i sju år, vart den første ordføraren i nyskipa Breim kommune. Han hadde vervet i 27 år. I den reduserte Gloppen kommune vart Ole J. Hestenes ordførar.

Lokale spenningar

I den vesle Breim kommune utvikla det seg spenningar mellom Reed og Byrkjelo, særleg etter at vegen gjennom Våtedalen i 1889 gjorde Byrkjelo meir sentralt, og Rebakken ved den gamle Trondhjemske Postvei kom litt i bakleksa. Desse spenningane mellom øvre og nedre Breim kom m.a. fram i lokaliseringsspørsmål om meieri og slakteri (sjå "Meieristrid og bygdespenningar").

Utskiljing frå Davik

I 1913 vart den einbølte garden Mettenes mellom Hyefjorden og Ålfoten skilt ut frå tidlegare Davik kommune og lagt til Gloppen kommune.

Ny samanslåing

Olav B. Bø vart siste ordførar i Breim kommune, og vart varaordførar i storkommunen. Ved den store kommunereguleringa i 1965 vart Breim og Gloppen slegne saman att. Den første ordførar etter kommunesamanslåinga var prost Johnny Bakke. Sandane vart kommunesenter i storkommunen. Her hadde kommunen bygd heradshus i 1956. Det karakteristiske tårnet gjorde at folkevittigheita kalla heradshuset for "Elias-kyrkja" etter ordføraren, Elias Faleide.

Møte i Gloppen kommunestyre 1994. (Foto: Asle Veien, NRK)

Utskiljing til Eid

I 1992 vart bygdene Lote og Hennebygda på nordsida av Nordfjord skilde frå Gloppen og lagde til Eid kommune.

Dagens grenser

Idag grensar Gloppen kommune til Bremanger ved Øksenelvane, Flora ved Krokstadvatnet, Naustdal ved Gjengedalsmarka, Jølster i Våtedalen og Stryn på Utvikfjellet.

Politisk leiing:
· Ordførarar i Gloppen kommune


MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no