|
Gjestgiveriet til Sivertsen ca 1890. I framgrunn en Fargarbrua. Foto: Knud Knudsen |
Etter å ha budd nokre år på Skei i Jølster som gjestgjevar, kom
Joachim Ehrenreich Sivertsen kring 1840 til Sandane som styrar for gjestgiveriet som sokneprest
Jørgen Meier Heffermehl den gong eigde. Sivertsen tok seinare over eigedomen og fekk løyve til å drive landhandel og hotell i 1866. Han dreiv også skysstasjon.
|
Kleppar Ole Nyhagen og laksefiskar mr. Sterling utanfor Sivertsens hotell i 1900. (Foto © Fylkesarkivet) |
Fleire utvidingar
I 1870 bygde han nytt hotell i 2 1/2 etasje like ved det gamle gjestgiveriet. Dette vart utvida og dekorert i sveitserstil i 1890, og vart utvida 1925 i same stil. I 1971 fekk hotellet ei ny gjesteromsfløy i betong og har 40 gjestesenger.
Etter konkurs i 1988 overtok lakseoppdrettar Kristen Strømmen i Rugsund ei tid som eigar under namnet Gloppen Turisthotell, med Dag Moen som dagleg leiar. I 1994 kjøpte Dag Moen hotellet sjølv.
I alle år har laksefiskarar vore ei svært viktig gjestegruppe for hotellet, som leiger og disponerer dei viktigaste fiskesonene i Storelva i Gloppen.